934 Kulturstudier, master
Innledning
Ved masterstudiet skal studentane studere og tileigne seg innsikt i grunnlaget for kultur slik det kjem til uttrykk gjennom ulike fagtradisjonar innanfor humaniora og fortolkande samfunnsvitskap. Studiet står i den internasjonale Cultural Studies-tradisjonen. Innsikt i grunnlagsteori og fagtradisjonar skal nyttast i arbeidet med sentrale tema i kulturstudiar, i fordjupingsemna, og i masteroppgåva, som er ein sentral del av studiet.
Masterstudiet er eit tverrfagleg studium som skal gi innsikt og oversikt som ein ikkje så lett får i eit einfagleg studium. Det gjeld ikkje minst i forhold til sentrale tema i moderne samfunnsliv som identitet, multikulturalisme, globalisering, kropp og kjønn, samt moderne kunstnarroller og aktuell kulturpolitikk.
Ei viktig målsetjing er å styrkje den allmenne kulturforståinga til studentane, og samtidig å opne for fordjuping og spesialisering på avgrensa emneområde og tema.
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er særleg aktuelt for studentar med humanistiske eller fortolkande samfunnsvitskaplege fag, eller ulike tverrfaglege kulturstudium i bachelorgraden sin. Ved sida av studentar som går rett frå fullført bachelorgrad, rettar studiet seg også mot søkjarar med røynsle frå yrkeslivet, t.d. tilsette i media og i offentlege og private kulturorganisasjonar. Studiet eignar seg som etterutdanning, m.a. for lærarar og tilsette i det offentlege og private som arbeider med kulturfaglege problemstillingar. For å bli teken opp på masterstudiet må ein ha bachelorgrad med C i gjennomsnittleg karakter og følgjande fagleg bakgrunn
- Eit humanistisk fag
- Eller eit relevant samfunnsvitskapleg fag
- Eller eit tverrfagleg kulturstudium
Etter særskild søknad kan ein takast opp med ein annan fagleg bakgrunn som er relevant for masterstudiet. Den skal det da gjerast ei heilskapsvurdering av.
Studiet kvalifiserer til ein forsking, t.d. på doktorgradsprogrammet i kultur ved Høgskolen i Søraust-Noreg. Om ein har eit undervisningsfag i bachelorgraden sin, kan ein få lektorkompetanse ved å ta mastergraden og PPU i tillegg. Kandidatane frå masterstudiet i kulturstudier har òg fått arbeid i offentleg administrasjon, i kultursektoren (offentleg og privat), på forlag, som journalist, osb.
Mål for studieprogrammet
- evne til å arbeide tverrfagleg og kritisk med kulturelle fenomen i fortid og nåtid
- teoretisk og empirisk, historisk og aktuell forståing av moderne kultur, forstått både som den breie kvardagskulturen og som folkekultur, finkultur og massekultur
- reiskapar til å analysere konfliktar og motsetningar i seinmoderne samfunn
- kjennskap til barne- og ungdomskultur
- kjennskap til moderne formidlingsformer og sosiale medium
- evne til å forstå og forvalte både kulturarven og kulturelle fenomen i ei global og mediatisert tid
- innsikt i kulturpolitikk, administrasjon og forvalting av kunst- og kulturinstitusjonar
- høve til å utvikle eigne interesser og spesialisere deg i arbeidet med masteroppgåva
Læringsutbytte
Ved fullført studium skal studentane ha slikt læringsutbyte:
- Kunnskap og forståing:
- Avansert kunnskap og innsikt i grunnlaget for kultur slikt det kjem til uttrykk i allmenn kulturteori
- Inngåande innsikt i dei sentrale fagtradisjonane innanfor humniora og fortolkande samfunnsvitskap som inngår i kulturstudiar-tradisjonen
- Forståing for korleis ein set eit avgrensa emne inn i ei tverrfagleg og overgripande samanheng
- Kunnskap om relevant kulturfagleg metode og teori i arbeidet med masteroppgåva
- Forståing for korleis ein analyserer faglege problemstillingar i kulturstudiar med utgangspunkt i tradisjonane og eigenarten til fagetområdet
Dugleikar:
- Evne til sjølvstendig og kritisk tenking
- Evne til å analysere teoriar, metodar og fortolkingar innan fagområdet kulturstudiar
- Evne til å formidle kulturfaglege tema ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar
- Evne til å strukturere og formulere faglege resonnement
- Evne til å arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing i samband med fagemna og masteroppgåva
- Evne til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing av faglærar og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Kompetanse:
- Analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
- Bruke kunnskapar og dugleikar på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
- Formidle kulturfaglege problemstillingar, analysar og konklusjonar både til spesialistar og til allmenta
- Formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre uttrykksformene i fagområdet
- Bidra med nytenking og nyskaping
- Ha medvit om og respekt for perspektiv med eit anna kulturelt opphav enn det norske og europeiske
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Emner
|
Studiet består av to innføringsemne (om historie og teori i kulturstudiane og metode i bruk) og to fordjupingsemne. Innføringsemna (1. semester) er felles for alle og omfattar kulturteori, vitskapsteori, og faghistorie. Innføringsemnet i metode i bruk skal førebu studentane på arbeidet med masteroppgåva. Fordjupingsemna går i 2. og 4. semester og er tverrfaglege. Vi ser helst at masteroppgåva også har eit tverrfagleg preg.
For å lette arbeidet med å velje ut og planleggje kva fordjupingsemne ein skal ta, og når, set vi opp ei oversikt over kva emne som vi forventar skal gå to år framover. Vi må likevel ta atterhald om endringar, sidan fordjupingsemna føreset at den spesialistkompetansen som trengst, faktisk finst på det aktuelle tidspunktet. Pensum i fordjupingsemna ligg normalt på minimum 800 sider.
Førelesarane er aktive forskarar, og dei trekkjer som regel inn eiga forsking i undervisninga.
Internasjonalisering
Institutt for kultur- og humanistiske fag har ei rekke utvekslingsavtalar med utanlandske institusjonar. Studentar som ønskjer eit opphald i utlandet i løpet av masterstudiet, kan ta kontakt med instituttkonsulenten. Merk at der er valfrie ekskursjonar til utlandet på emne 2560 og 2550.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga skjer dels i form av førelesingar og dels i form av seminar. Vi legg vekt på aktiv samtale dialog med studentane, og forventar dermed at studentane er aktive både i førelesingane og i seminara.
Undervisninga i fordjupingsemna vil for det meste skje i seminarform med innleiingar av fagpersonar frå ulike fagtradisjonar.
I særtilfelle kan studenten leggje opp inntil to sjølvvalde fordjupingsemne, altså emne utover dei som er nemnde i studieplanen. Dette kan vere aktuelt dersom studenten har behov for eit emne som ligg tett opp til tema for masteroppgåva. Studenten må søkje om å få godkjent eit slikt sjølvvalt emne i god tid før semesterstart. Grunnlaget for søknaden er ei skildring av innhaldet i emnet og ei pensumliste. Emnet må falle innanfor fagfeltet "kulturstudiar", slik det er avgrensa i studieplanen, og det må finnast kompetanse i emnet ved instituttet. Ein kan ikkje rekne med at det vil bli tilbod om undervisning i slike emne. Sjølvvalde emne blir alltid vurderte med munnleg eksamen.
Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med masteroppgåva, dvs. seksti timar fordelte på tre semester. Vi held eigne seminar i oppgåveskriving kvart semester. I oppgåveseminaret skal studentane presentere eigne tekstar og få tilbakemelding på dei av medstudentar og faglærar.
Undervisninga er ikkje obligatorisk, men vi råder likevel studentane til å følgje undervisninga. Studentane blir også rådde til å samtale om pensum og faglege problem i kollokvium. Studentar som ikkje vil, eller ikkje har høve til å vere heiltidsstudetnar, kan følgje eit forlenga studieløp.
Studentane må gjere seg kjende med og rette seg etter dei opplysningane som høgskulen kvart semester gir om emneregistrering, om oppmelding til eksamen, om krav om pensummelding, og om innlevering av oppgåver.
Vurderingsformer
Vurdering av fordjupingsemna skjer ved prøveforelesning på 40- 45 minutt for det eine emnet, og ved munnleg eksamen for det andre emnet. Eksamensforma i det tredje fordjupingsemnet er valfri (munnleg eksamen eller prøveforelesning). Kandidatane bestemmer sjølve kva for eit fordjupingsemne dei vil prøveforelese i, men temaet blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmelding til det einskilde emnet kva for vurderingsform dei ønskjer.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Stephen J. Walton <Stephen.j.waltonSPAMFILTER@hit.no>,Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 25.04.2016