Spansk 1 2702
Læringsmål
Målet med emnet er å gje ei grunnleggande innføring i moderne spansk språk, slik at studentane etter gjennomført eksamen skal kunne føre daglegdagse samtalar på spansk og lese og skrive spansk på eit elementært nivå. Emnet skal også leggje til rette for studentanes fyrste møte med samfunnstilhøve og litteratur i spansktalande land. Når undervisninga går føre seg i eit spansktalande land, blir hovudvekta lagt på samfunnstilhøve og litteratur i dette landet.
Innhold
Emnet er eit elementært og intensivt språkkurs. Kurset skal gje grunnleggande språkkunnskapar i spansk. Kurset passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i spansk frå vidaregåande skule eller liknande, men det kan også fungere som ei frittståande grunnopplæring i spansk.
Organisering
Forelesingar og seminar ca. 80 timar fordelt på 4 veker.
Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.
Evalueringar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom gjennom kurset.
Vurderingsformer
Eksamenen er todelt:
1) Ei skriftleg prøve på 3 timar som tel 50 % av samla karakter
2) Ei munnleg prøve på inntil 40 min. som tel 50 % av samla karakter.
Prøva er for det fyrste ei samtale på spansk om emne som er gjennomgått i kurset, og for det andre høgtlesing frå og samtale om tekster på spansk.
Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile innføringsemnet.
Det blir gjevne graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 23.05.2005