Kreativitet og kommunikasjon 3300

Læringsmål

Studenten skal auke kunnskapen om ulike former for kommunikasjon og utvikle si sosiale kompetanse, kreativitet og personlege uttrykksevne. Gjennom praktiske øvingar skal studenten få betre innsikt i allmenne gruppeprosessar og auke evnene sine til kommunikasjon og samarbeid. Studenten skal opparbeide eit aktivt forhold til eigne uttrykksformer for å kunne kommunisere nyansert og kompetent i ein framtidig yrkessamanheng.

Innhold

Kurset er delt inn i to modular:

  • Modul A. Skriftleg og munnleg uttrykk
    Tekstarbeid. Gjennom arbeid med ulike typar tekstar skal studenten tileigne seg kunnskap om språkets makt og få ei forståing for korleis ulike genre kan brukast i formelle og uformelle samanhengar (t.d. saksbehandling, teoretiske tekstar, referat, essay). Studenten skal bli klar over kva han/ho treng å arbeide med for å betre evna si til å uttrykke seg skriftleg.
    Framstilling og tale. Studenten skal øve opp munnleg og skriftleg uttrykksevne gjennom presentasjon av eigne arbeid. Studenten skal øve opp dugleik knytt til ulike uttrykksformer (f. eks. skrive saksførebuande dokumenter eller referat, møteleiing, lage brosjyre, halde tale).
  • Modul B. Kommunikasjonsprosessar og gruppedynamikk
    Gruppedynamikk og samarbeid. Gjennom gruppeøvingar og analyse av gruppedynamikk skal studenten betre kunne forstå kommunikasjon og si eiga rolle i gruppeprosessane.
    Kreativ kommunikasjon. Gjennom tilbakemelding på og analyse av konkrete kommunikasjonssituasjonar, vil studenten øve opp innsyn i høve til kroppsspråk, verbal og ikkje-verbal kommunikasjon.

Generell kommunikasjonsteori vil inngå i begge bolkane. Faget blir knytt opp til teoriar og arbeidsoppgåver i dei andre faga på studiet

Organisering

Praktiske øvingar og forelesingar, obligatoriske skriftlege oppgåver og munnlege presentasjonar. Det meste av arbeidet vil finne stad i mindre grupper. 
Obligatorisk frammøte, minst 80% deltaking i undervisninga.

Vurderingsformer

Modul A vil bli evaluert prosessuelt med karakter stått /ikkje stått på grunnlag av to innleverte skriftlege tekstar og to munnlege framleggingar. Modul B vil bli evaluert i høve til stått/ ikkje stått (frammøte og deltaking).

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 20.04.2005