Idéhistorisk oversikt 3351

Læringsmål

Kurset har som mål å gi studentane ei brei oversikt over sentrale tankestraumar i Vestens kultur og korleis desse har utvikla seg frå antikken fram til vår eiga tid. Det vil bli fokusert på både samanhengar og brot i den idéhistoriske utviklinga, slik at studentane skal kunne identifisere både dei lange tradisjonslinene og dei radikale tradisjonsbrota som kjenneteiknar den idémessige utviklinga. Studentane skal bli kjent med korleis dette vekselspelet mellom tradisjon og fornying utspelar seg innan ulike kulturelle område. Studentane skal også tileigne seg grunnleggande kunnskapar innan faghistorie og -teori.

Innhold

Pensum vil vere samansett av faghistoriske og -teoretiske emne, som vil vise hovudlinene i den idéhistoriske utviklinga sidan antikken. Originaltekster som er knyt til kulturelle hovudområde som filosofi, religion, kunst, politikk og vitskap vil utgjere ein del av pensum. Ein vil gjennom kurset vise korleis ulike tankar og posisjonar blir brotne mot kvarandre innafor dei ymse områda. Samtidig vil ein freiste å vise forbindingsliner mellom dei einskilde områda. Presentasjonen av stoffet i forelesingane vil derfor søkje å vise korleis tenkinga innan eit gitt område kan bli forstått i lys av tenkinga innan andre område. Vi vil også freiste å vise korleis tenkinga generelt kan bli forstått i lys av den historiske og kulturelle konteksten ho er ein del av. Derfor vil presentasjonen av tankestoffet vere prega av ein gjennomgåande kontekstualisering.
Studentane skal utarbeide ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.

Organisering

Forelesingar og seminar inntil 6 t/v

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller innleveringar som til saman tel 60% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 40%. Både undervegs- og sluttprøve må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 10.05.2005