Valemne i verdshistorie 3503
Læringsmål
Studiedelen skal gje meir omfattande kunnskapar i to valemne, eitt frå tida før 1750 og eitt frå tida etter 1750. Kvart emne har eit pensum på om lag 350 sider. Emna skal leggje til rette for ei djupare og meir problematiserande forståing av historia enn ein til vanleg får i oversynspensum.
Innhold
Kvar student skal legge opp to valemne, eit før 1750 og eit etter 1750. I semesterplanen står opplysningar om kva for emne som blir tilbudt det einskilde semesteret. Lista nedanfor viser døme på emne som har vore tilbudt, og som kan vere aktuelle:
- Samfunn og politikk i Roma
- Romersk imperialisme
- Slavehandel og slaveri
- Utbrotet av første verdskrig
- Sovjet etter 1917
Organisering
Undervisning: Seminar (unntaksvis: forelesing).
Til vanleg vil det vere tilbod om undervisning i fleire emne. Undervisninga kan gjerast obligatorisk i eit eller fleire av emna. Studentar som ikkje følgjer undervisning, kan få innskrenka rett til emneval, eventuelt bli pålagde å ta på førehand fastsette emne, levere oppgåver e.l., sjå semesterplanen for historie.
Vurderingsformer
Kvar student skal skrive ei heimeoppgåve i førstninga av november (ei veke). Oppgåva vert gjeven av faglærar og skal ha nær tilknyting til undervisninga. Minst ein tredjedel av studentane vil bli kalla inn til ei supplerande munnleg prøve. Det blir gitt ein samla karakter som gjeld heile studiedelen. Studentar som ikkje blir kalla inn til munnleg prøve, får karakteren fastsett på grunnlag av heimeoppgåva.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 13.06.2005