Teoretisk fellesdel 30MASTFD
Læringsmål
Mastergradsstudiet har 2 siktemål, eit teoretisk og eit teoretisk-praktisk:
- Studentane skal ha innsikt i tradisjonskunstens kulturelle bakgrunn. Dei skal kunne vurdere eigenarten i tradisjonskunst, og tenkje kritisk over korleis den blir teken vare på, brukt, vidareført, fornya og tolka i ulike miljø.
- Studentane skal få innsikt i vitskaplege metodar, og ved sjølv å vere utøvarar i tradisjonskunst skal dei erfare korleis utøving er ei viktig kjelde til kunnskap. Dei skal også bli medvitne om problematikken kring tradisjonsomgrepet og få innsikt i sider av moderne formidlingsproblematikk.
Innhold
Det faglege innhaldet i mastergradsstudiet fell inn i to delar; den teoretiske fellesdelen og den individuelle praktisk-teoretiske delen : Mastergradsprosjektet m. forprosjekt.
Den teoretiske fellesdelen:
Ein vil få ei felles teoretisk innføring gjennom 4 hovudtema. Desse vil i nokon grad gripe inn i og overlappe kvarandre, men ein vil fokusere på heile den teoretiske fellesdelen ut frå desse fire perspektiva:
Kunstteori og tradisjonskunst, kultur og identitet, tradering og kommunikasjon, vitskapsteori,
Kunstteori og tradisjonskunst: Studentane skal ha ei oversikt over sentrale ledd i estetikkens historie og kunne drøfte kunstomgrepet og sentrale grunnlagsproblem i estetisk forsking.Det vil bli lagt spesiell vekt på folkekunst, og korleis den utvikla seg då det folkelege blei skilt ut frå det aristokratiske som ei eiga og mindreverdig kulturform. Difor vil framveksten av det populære alt frå renessansen av vere eit aktuelt tema. Studentane skal også kjenne til nokre hovudtrekk i utviklinga av norsk folkemusikk, og korleis norske komponistar tok til å nytte folkemusikken på 1800 talet og utetter.
Kultur og identitet: Studentane skal kunne drøfte kulturomgrepet, og korleis kulturen har utvikla seg i den vestlege verda. Dei må også orientere seg i den dagsaktuelle kulturelle situasjonen. Eit viktig problemfelt blir drøftinga av dei ulike syna som ligg til grunn for skiljet mellom folkekultur, massekultur og populærkultur. Studentane skal få innføring i dei teoretiske rammene som ligg til grunn for kvart av desse kultursyna. Andre viktige felt er klasseproblematikk og nasjonalisme, t.d. spørsmål om korleis vår norske identitet blei knytt til folkekulturen og bygde-Noreg.
Tradisjon og kommunikasjon: Studentane skal få innsikt i problematikken kring omgrepet tradisjon, og kunne drøfte tradisjonsomgrepet. Ei viktig side vil bli sett i lys av omgrep frå hermeneutikken: Kva er essensielt og kva er meir relativt, og korleis verkar dette inn i traderingsprosessane?
Studentane skal også få innsikt i sentrale sider av formidlingsproblematikk av tradisjonskunst, og korleis tradering og formidling har endra seg, særleg i det siste hundreåret.
Vitskapsteori : Kunst- og kulturvitskapane har vakse fram i skjeringsfelt mellom humanvitskapar og samfunnsvitskapar. I denne samanhengen er det viktig med ei innføring i sentrale vitskapsteoretiske omgrep som hypotetisk-deduktiv metode, hermeneutikk og fenomenologi, for å gjeve studentane eit heilskapssyn på tradisjonskunsten. Ein vil fokusere på metodiske problem som vil førebu studenten på arbeidet med forprosjektet og mastergradsprosjektet, - der kombinasjon av teoretiske og praktiske element vil vere sentral.
Organisering
Det vil bli førelesingar og seminar både med faste lærarar og gjesteførelesarar. Nokre av undervisnings-øktene kvart semester vil bli meir intensive enn andre. Det vil bli gjeve oppgåver og informasjon undervegs. Mykje av undervisninga vil naturleg nok vere retta mot førebuing av mastergradsprosjektet, som alltid vil stå sentralt i mastergradstudiet.
Vurderingsformer
Den teoretiske fellesdelen av mastergradsstudiet vil utgjere 30 studiepoeng .
Det vil bli kravd ei innlevering i midten av første semester. Denne må vere evaluert til ”bestått” for at studenten kan gå vidare, og avslutte den teoretiske fellesdelen med ei avsluttande 6 timars skriftleg prøve. På denne prøva vil det bli gjeve karakter på skalaen A-F. Karakterane A-E er ”bestått”, karakteren F er ”ikkje bestått”. Karakteren på den avsluttande prøva vil telje ¼ av den samla karakteren i heile mastergradstudiet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 21.07.2008