Økotoksikologi 4308
Læringsmål
Studentane skal få innsikt i samanhengen mellom kor og korleis miljøgiftene blir spreidde i naturen, og i uheldige konsekvensar for økosystem og levande organismer, inkludert menneske.
Innhold
Ein går gjennom akkumulering, spreiing og nedbryting av framandstoff og naturlege giftstoff i naturen, og bruk av biomarkørar til påvising av giftstoff i miljøet. Genetisk og biokjemisk økotoksikologi blir gjennomgått, og ein kjem inn på sjukdomar og smitte på tvers av artsgrenser. Ein tar også for seg dei viktigaste miljøgiftene med tanke på slike som har mest å seie under våre tilhøve: Ulike metall, pesticid, radioaktive stoff, oljeforureining og forbrenningsprodukt, klorerte og bromerte organiske stoff, gifter frå alger og cyanobakteriar, forsuring- og eutrofieringsrelaterte giftstoff. Ein omtalar toksiske verknader på individnivå så vel som høgare organisasjonstrinn.
I temaoppgåva skal studentane dokumentere breid kunnskap om eit aktuelt tema innan økotoksikologi. På labkurset går ein gjennom metallanalyser i vatn og ulikt vevsmateriale med tanke på ulike økotoksikologiske problemstillingar. Ein går også gjennom analyser på enkelte organiske giftstoff og radioktive isotopar.
Organisering
70 timar i form av forelesningar, seminar og laboratoriekurs.
Obligatorisk: Seminar og laboratoriekurs. Frammøte første dagen og framføring av ei seminaroppgåve om eit økotoksikologisk tema.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar i tre delprøver: innlevert seminaroppgåve tel 20%, laboratorierapport tel 20% og skriftleg sluttprøve (4 timar) tel 60% av endeleg eksamenskarakter. Alle delprøver må vere bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Espen Lydersen <espen.lydersenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 01.02.2008