Friluftsliv, jakt og fiske 4008
Læringsmål
Studentane skal få ei innføring i jakt og fiske som ein viktig del av friluftslivsomgrepet. Dei skal bli kjent med friluftslivet si historie og samanhengen med tradisjonell jakt og fiske. Vidare skal studentane få innsikt og sjå samspelet mellom utøving av friluftsliv, jakt og fiske og moglege og aktuelle verknader på dei økologiske tilhøva i naturen. Det blir lagt vekt på ei praktisk innføring i viktige sider ved jakt, fiske og oppsyn, som grunnlag for ei tilnærming til meir teoretisk forståing av korleis friluftsliv er betinga av og kan påverke naturen.
Innhold
Sentrale tema:
· Friluftslivshistorie: friluftslivet si utvikling i Norge med røter i tradisjonell utøving av jakt og fiske for naturalhushaldning, friluftslivsomgrepet i dag.
· Jakt: Historisk utvikling av jakt i Norge, naturleg produksjon, jaktutøving, målsetting og organisering av viltforvaltning, etiske sider ved jakt og fangst, innverknad av jakt på viltbestandar, jakta si framtid som friluftslivsaktivitet.
· Fiske: Fiskbare artar, produksjon, artskunnskap, utbreiing, kultivering , sportsfiske som friluftsliv.
· Jakt- og fiskeoppsyn: Lovgrunnlag, norsk eigedoms- og forvaltningsstruktur, rovviltforvaltning, praktisk oppsyn.
· Økologiske verknader: Uttak ved jakt og fiske, enkel populasjonsdynamikk, sårbar natur og verknader av ferdsel og forstyrring.
Organisering
50 timar forelesing.
Obligatorisk: Fem dagar med feltekskursjonar. Ei semesteroppgåve skal leverast til vurdering mot slutten av semesteret.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar på to delprøver: ei semesteroppgåve tel 40% og skriftleg sluttprøve (3 timar) tel 60% av endeleg eksamenskarakter. Ekskusjonar må være godkjente før ein kan gå opp til sluttprøva. Ein godtek inntil 20% gyldig fråver. Begge delprøvene må vere bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Howard Parker <Howard.ParkerSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 17.03.2008