Litteraturteori 2504
Læringsmål
Eit hovudmål med kurset er å gi eit oversyn over sentrale tendensar i nyare litteratur. Kurset skal gi innsikt i sider ved moderne litteraturteori og litteraturforståing som kan vere av nytte for så vel lesing som skriving av skjønnlitteratur.
Innhold
Kurset fell i om lag to like store delar. I den første vil form- og genremessige spørsmål bli tatt opp - både historisk og teoretisk. Etter ei innføring i stil- og formspråkhistorie vil ein konsentrere denne delen omkring emnet genre-kunnskap og genre-forståing.
I den andre delen av kurset vil ein først gi ein introduksjon til litteraturen i vårt hundreår, der hovudlinjer i europeisk dikting vil stå sentralt. Deretter vil ein gå nærare inn på norsk og nordisk samtidslitteratur, og med grunnlag i tekstprøver få tatt opp så mange sider ved denne som råd er. Den aktuelle litterære debatten i Noreg vil også bli trekt inn.
Organisering
Undervisninga i den teoretiske delen vil ha form av førelesingar, gruppedrøftingar og seminar.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen med karakteren bestått/ikkje bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 04.03.2008