Innføring i idéhistorie 3351

Læringsmål

Kurset har som mål å gi studentane ei innføring i sentrale tankestraumar i Vestens kultur, med fokus på både samanhengar og brot i den idéhistoriske utviklinga. Studentane skal bli kjent med korleis vekselspelet mellom tradisjon og fornying utspelar seg innan ulike kulturelle område. Studentane skal også tileigne seg grunnleggande kunnskapar innan faghistorie og -teori.

Innhold

Pensum vil fokusere på periodar, tema, verk og aktørar som er representative for sentrale tankestraumar i Vestens kultur. Pensumstoffet vil dekkje kulturelle hovudområde som filosofi, litteratur, religion, politikk, vitskap og ulike kunstformer. Ein vil vise korleis ulike tankar og posisjonar blir brotne mot kvarandre innafor dei ymse områda, samtidig som ein vil freiste å vise forbindingsliner mellom dei einskilde områda. Presentasjonen av stoffet i forelesingane vil slik søkje å vise korleis tenkinga generelt kan bli forstått i lys av den historiske og kulturelle konteksten ho er ein del av. Dermed vil presentasjonen av tankestoffet vere prega av ein gjennomgåande kontekstualisering. Pensum vil vere samansett av originaltekstar og sekundærlitteratur, og filmframsyningar vil bli nytta når det er pedagogisk relevant. Studentane skal utarbeide ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.

Organisering

Forelesingar, seminar (og eventuelt filmframsyningar) inntil 8 t/v

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller innleveringar som til saman tel 60% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 40%. Både undervegs- og sluttprøve må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 03.03.2008