Norsk idéhistorie 3352

Læringsmål

Kurset har som mål å gi studentane ei brei oversikt over sentrale tendensar og utviklingsliner i norsk tankeliv frå middelalderen fram til vår eiga tid. Som ein lekk i denne målsettinga vil ein gjennomgåande ta sikte på å vise korleis norsk tru og tanke alltid har utvikla seg i spennet mellom det allmenneuropeiske, nordiske og særnorske. Den kunnskapen som studentane tileignar seg på kurset skal bidra til ei større forståing av norsk kultur slik den framstår i dag.

Innhold

Det samla kurspensum på ca. 800 sider er delt i to like store deler: Studentane skal som oversiktslitteratur lese utdrag frå Norsk idéhistorie, samtidig som dei skal lese eit utval originaltekstar som i hovudsak er henta frå antologien Norsk tro og tanke. Originaltekstane er gruppert i 8 tematiske bolkar: (1) Tru og tvil; (2) det nasjonale; (3) politikk og ideologi; (4) kvinnesyn og kvinnesak; (5) tankar om diktinga ; (6) vitskaplege klassikarar; (7) danning og utdanning; (8) målsak og målstrid.
Ein vil gjennom kurset vise korleis ulike tankar og posisjonar bryt mot kvarandre innafor dei ymse områda, samtidig som ein vil søkje å vise forbindingsliner mellom dei einskilte områda.
Studentane skal arbeide ut ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.

Organisering

Forelesingar og seminar inntil 3 t/v

Vurderingsformer

Undervegsvurdering som midtprøve som tel 40% av samla karakter. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøva må må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 11.03.2008