Modernitet og kulturkritikk 3358
Læringsmål
Kurset har som mål å gi studentane ei fordjuping i dei omveltingane og brytningane som medvirka sterkast til å forme det 20. hundreåret sitt intellektuelle og kulturelle liv. Særlig vil det bli lagt vekt på dei mange oppgjera med tradisjonelle verdiar og førestillingar. Ein vil nytte tekstar og eksempel frå og om filosofi, politikk, kunst, litteratur og populærkultur for å gi studentane ei breiast mogleg forståing av rørsler og utviklingsliner.
Innhold
Av pensum vil ca. ein fjerdedel (dvs. ca. 200 sider) være generelle og oversynsprega framstillingar av perioden. Den resterande del av pensum vil bestå av tekstutdrag frå verk som kastar lys over og problematiserer aktuelle emne. Kurset vil til dels følgje ein kronologisk utvikling ramma inn av følgjande hovudtema: 1) storbyen, 2) sivilisasjonskritikk, dvs. kulturpessimisme, dekadanse, apokalyptikk, utopisme, avantgarde, motmoderniseringsrørsler, 3) pluralisme, dvs. motkulturar, feminisme, ungdomskultur osv., og 4) flytande modernitet, inklusive nasjonalismekritikk, antikolonialisme, økologisk kritikk og The Third Way.
Organisering
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v
Vurderingsformer
Undervegsvurdering i emnet ter midtprøve som tel 40 % av den endeleg karakter. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60 %. Både undervegs- og sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 04.03.2008