Oversyn over verdshistoria før 1750 3501

Læringsmål

Studiedelen skal gje eit samanhengande oversyn over verdshistoria frå antikken til om lag 1750.

Innhold

Frå antikken til den industrielle revolusjonen

Denne studiedelen gir eit samanhengande oversyn over verdshistoria frå antikken til ca. 1750. Tyngdepunkta er:

- Samfunn og politikk i antikkens Hellas
- Den politiske utviklinga (republikk og keisardøme) i Roma
- Det romerske verdsriket
- Samfunn og økonomi i middelaldaren
- Europa tek form - styreformer og nasjonar
- Framveksten av sterke statsmakter
- Krig og maktkamp i tidleg nytid
- Den kristne kyrkja blir splitta
- Verdsmarknad og kulturmøte

Organisering

Undervisning: Forelesing og seminar.

Vurderingsformer

Vurderinga består av ei undervegsprøve og ei sluttprøve. Undervegsprøva tel ein tredjedel og sluttprøva to tredjedelar av samla karakter i studiedelen. Båe eksamensdelane må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.

Undervegsprøva er ei skoleprøve (kunnskapsprøve 3 timar) i første halvdel av oktober. Ein avgrensa del av pensum (om lag ein fjerdedel av samla pensum) ligg til grunn for prøva. Kva delar (tidsperiodar) dette er, vert gjort kjent ei veke før prøva.

Sluttprøva er ei skoleprøve (essay-oppgåve 4 timar) i slutten av semesteret. Heile pensum kan prøvast.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 17.05.2008