Innføring i kulturstudiar 2584

Læringsmål

Dei faghistoriske komponentane i innføringsemnet skal gi eit oversyn over utviklinga av ulike fagtradisjonar innanfor humaniora og samfunnsvitskap, slik at ein utviklar ei forståing av korleis ein forskar arbeider ut frå gitte institusjonelle og fagspesifikke føresetnader. Dei teoretiske komponentane i innføringsemnet skal gi innsikt i sentrale grunnlagsproblem og aktuelle debattar innan dei nemnde fagfelta. Det er eit mål i seg sjølv å tileigne seg slike kunnskapar, men samstundes skal dette tene som eit grunnlag for å arbeide med fordjupingsemna og hovudoppgåva ut frå eit reelt tverrfaglig perspektiv.

Innhold

Pensum blir delt inn i følgjande hovudkategoriar:

Overgripande tema: Kulturbegrepet, kulturstudiar og tverrfagleg teori
Humanioras historie og teori (generelt og med vekt på historie- og litteraturfag)
Samfunnsvitskapens historie og teori med vekt på kultursosiologien
Sentrale tema i kulturstudiar: identitet og modernitet

Sidan fagas historie i stor mon blir til ved at ulike teoriar avløyser kvarandre, vil dei faghistoriske og teoretiske komponentane ha eit nært slektskap i innhald. Set blir lagt særleg vekt på teoretiske perspektiv som er felles for ulike disiplinar og særleg aktuelle i tverrfaglege studiar. Delar av innføringsemnet er delt inn i klarare tematiske underkategoriar enn det som er vanleg på andre hovudfag. Det blir vidare lagt vekt på å knyte den allmenne teorien til nokre sentrale tema i kulturstudiar, for eksempel identitet og modernitet. På denne måten vil ein konkretisere kva kulturstudiar er, og gi hovudfaget ein klarare fagleg profil. Slik vil ein også demonstrere korleis den allmenne teorien kan brukast i konkrete analytiske samanhengar. I denne samanhengen vil ein drøfte aktuelle hovudoppgåvetema med studentane. Samla pensum vil vere på om lag 2000 sider.

Organisering

Forelesingar og seminar, 4-8 timar pr veke i haustsemesteret.

Vurderingsformer

Avsluttast med individuell skriftleg 6 timars eksamen som tel 80 % av karakteren i emnet. Det vil bli kravd innlevering av eit skriftleg arbeid som tel 20 % av sluttkarakteren, før avsluttande skriftleg individuell eksamen. Båe eksamensdelane må vere bestått for å få endeleg karakter i emnet.

Jf ellers under Eksamen og vurderingsformer i studieplanen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 03.03.2008