Written English Project 2024

Læringsmål

Emnet skal gje studenten røynsle med å produsere eit arbeid som tilfredsstiller dei språklege, formelle og metodiske krava til akademisk verksemd. Nivåkravet skal såleis peike fram mot, men ikkje jamnstillast med, ei oppgåve på mastergradsnivå

Innhold

Emnet er ei individuell, skriftleg prosjektoppgåve normalt knytta til eit av dei særemna studenten har fylgd, eller, etter søknad, eit anna tema som er relevant for studieprogrammet. Tema for oppgåva, som skal skrivast på engelsk og som kan vere innanfor litteratur, kulturkunnskap eller språk, vert utarbeidd i eit samarbeid mellom studenten og rettleiaren. Prosjektoppgåva skal vere på mellom 7.000 og 10.000 ord.

Organisering

Individuell rettleiing.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåva skal leverast til sensurering som eit eksamensarbeid og tel 60%. Ein avsluttande munnleg eksamen tel 40%.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 11.03.2008