Algoritmar og datastrukturar 5610

Læringsmål

Studentane skal bli kjende med ein del grunnleggande datastrukturar, kva for operasjonar som er knytte til desse, og korleis ulike datastrukturar kan nyttast til å effektivt løyse ein del typiske algoritmiske problem, der ein handsamar store datamengder.

Innhold

Det blir gjennomgått korleis ulike datastrukturar som lister, trestrukturar og grafar kan representerast og nyttast til forskjellige former for lagring og søking. Det blir lagt vekt på dynamiske datastrukturar og rekursiv programmering, og på metodar for modularisering av datastrukturar. Eit objektorientert språk vert nytta for implementasjon.

Organisering

8-10 timar forelesingar, øvingar og rettleiing pr veke i vårsemesteret.

Vurderingsformer

To 1 times individuelle, skriftlege undervegsprøver som kvar tel 40 %. Individuell, skriftleg 3 timars sluttprøve tel 60 %. Det blir gitt obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til sluttprøve. Alle delprøver må vere bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 22.04.2005