Innføring i kultur og leiing 2737

Læringsmål

Målet er å gje studentane grunnleggande kunnskap om sentrale omgrep, prinsipp og tamar i høve til ulike sider ved kulturleiing. Studenten skal få skjøn for korleis kunst og kultur kan setjast i eit aktuelt samfunnsperspektiv. Studenten skal få innsikt i kva det vil seie å leie kulturinstitusjonar og kulturprosjekt generelt, med fokus på leiing innan dei sceniske og visuelle fagområda spesielt.

Innhold

I emnet blir det gjeve ei innføring i kulturleiing i teori og praksis. Studieemnet eigner seg både som grunnlag for vidare studiar i kulturfag og kulturarbeid, og som ein kulturretta komponent i studium innan økonomi og administrasjon.

Emnet er delt inn i følgjande tre bolkar:

  1. Kunnskap om scenekunst og visuell kunst
  2. Organisering, finansiering og leiing
  3. Kunst og kultur i politikk og samfunn

1. Kunnskap om scenekunst og visuell kunst tar for seg scenekunst (teater, ballett, opera og musikk) og visuell kunst (museum og galleri). I denne delen av studieemnet tar me for oss sjangrar, arenaer og verkemiddel, samt bemanning og organisasjonsformer. Det er viktig at studenten skal få høve til å sjå, oppleve og tolke kunst. Me vil studere ulike kulturinstitusjonar, framsyningar og utstillingar gjennom førebudde vitjingar. Val av emne som blir tatt opp i denne bolken er avhengig av tilgjengelege kulturtilbod nær studiestaden.

2. Organisering, finansiering og leiing gjev ei innføring i leiingsteori, med vektlegging av visjon, strategi og mål for kreative verksemder. Leiing og leiarfunksjonen blir drøfta i samband med ulike organisasjonsmodellar for etter tur faste institusjonar, festivalar og avgrensa kulturprosjekt og -tiltak. Fokus blir særlig retta mot produsent- og prosjektleiarrolla i leiing av kreative prosjekt, og mot modellar for prosjektplanlegging, finansiering, økonomiplanlegging (budsjettering), framdriftsplanlegging og rapportering.

3. Kunst og kultur i politikk og samfunn ser på kulturlivet i eit samfunnsperspektiv, og tar for seg nokre aktuelle kulturpolitiske problemstillingar. Her blir bruken av omgrepa kunst og kultur drøfta, samt spørsmålet om kunstens eigenverdi. Vidare blir kunstproduksjon drøfta i høve til sosialpolitiske og næringspolitiske omsyn, og ulike måtar overføringar til kunst og kultur blir legitimert. I denne bolken blir studentane dessutan kjende med sentrale institusjonar og organisasjonar på kulturfeltet i Noreg. Me samanliknar tilhøva i Noreg, Storbritannia og USA når det gjeld styresmaktenes kulturpolitiske visjonar, og organisering og finansiering av kultur.

Organisering

Undervisninga vil vere sett saman av førelesingar, seminar, ekskursjonar og førebudde vitjingar til kulturinstitusjonar. Tilnærminga er såleis både teoretisk og praktisk. Lesing av pensumlitteraturen og arbeid med forståing av faglege omgrep gjennom undervisninga blir kombinert med ekskursjonar og studiebesøk, alt nedfelt i skriftleg elting av den teoretiske og praktiske kunnskapen.

Vurderingsformer

Undervegsvurdering femner om skriftlege prøver og ei eller fleire innleveringar (prosjektoppgåver og rapportar frå eigeninnsamla data frå kulturfeltet, i grupper eller individuelt). Mappe med skriftlege innleveringar. Munnlege presentasjonar gjennom semesteret. Obligatoriske ekskursjonar til kulturinstitusjonar. Undervegsvurdering (innleveringar etc.) vil telje 40 %, og avsluttande skriftleg eksamen på 3 timar vil telje 60 % av samla karakter. Alle delvurderingar må vere vurderte til greidd for at greidd karakter kan gjevast som samla resultat i emnet. Greidde karakterar er graderte frå A (best) til E.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 19.01.2009