Bioteknologi 4313
Læringsmål
Kurset skal gi studentane ei innføring i grunnleggjande metodar i bioteknologi. Det blir lagt vekt på oppgåveløysing basert på desse metodane og rapportering av resultata.
Innhold
Sentrale tema:
- Molekylær kloning
- Analyse av polymorfismer ved hjelp av PCR og kutting med restriksjonsenzym
- Realtime PCR
- Mutasjonsdeteksjon ved hjelp av Realtime PCR system
- FISH ( Fluoresence in situ hybridisering )
Organisering
80 timar med laboratorieoppgåver og undervisning i laboratorieteknikk.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar på to delprøver: laboratorierapportar tel til sammen 50% og ei skriftleg sluttprøve (3 timar) tel 50% av endeleg eksamenskarakter. Laboratorierapportane må vere levert før ein får gå opp til sluttprøva, som må være bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av - 14.04.2005