Mastergradsprosjektet 60MASTPR

Læringsmål

Studentane skal gjennomføre eit større prosjekt som inneheld ein praktisk del og ei skriftleg framstilling (teoretiske element). Dei ulike komponentane som inngår i prosjektet kan vere av ulikt omfang, men det er eit krav at dei praktiske og teoretiske delane utgjer ein heilskap. Det følgjer av studiets eigenart at det blir opna for forskjellige prosjekttypar alt etter kvar studenten vil leggje tyngdepunktet i arbeidet sitt, - om det ligg i dokumentasjon, teori knytt til kunst, kultur, tradisjon, utøving eller formidling. Ein vil ikkje kunne få godkjent eit prosjekt der den praktiske sida ikkje er tydeleg til stades, eller eit prosjekt som ikkje har teoretisk innslag.

Mastergradsprosjekta kan soleis vere ganske forskjellige, og før ein tar til på arbeidet er det viktig at student og rettleiarar er samde om ein gjenomføringsplan. Trass i forskjellig innhald er det likevel ein del grunnleggjande ting som vil vere til stades i alle prosjekta. Studentane skal skaffe seg erfaring i å arbeide systematisk med eit materiale frå tradisjonskunsten og nytte metodar som er eigna til å få fram relevant kunnskap. Ymse former for hypotesetesting er vanleg i dei fleste prosjekta, samt det å klårgjere bakgrunnsmateriale og kontekst. Det er også viktig at ein nyttar seg av den kunnskapen ein kan få ved å vere utøvar i tradisjonskunst. Framstillinga skal vere klårt presentert med god dokumentasjon, slik at andre på nokolunde same faglege nivå skal kunne vurdere arbeidet.

Innhold

Mastergradsprosjekta er utarbeidde individuelt fav kvar student og vil spenne over eit stort spekter av emne innan tradisjonskunsten. Sidan nokre prosjekt er meir teoretiske og nokre meir praktiske vil det vere stor variasjon i innhald og presentasjonsformer. For alle prosjekta gjeld at ein skal arbeide systematisk og vitskapleg for å oppnå kunnskap, og at ein hentar kunnskap frå både teoretiske og praktiske kjelder. Det er også ein del kunnskap om arkiv, samlingar og tekniske hjelpemiddel som vil vere naudsynlege i dei fleste prosjekta.

Prosjekta og rettleiinga blir tilpassa den einskilde studenten og vil vere knytt til det kjeldematerialet studenten arbeider med. Dette kjeldematerialet vil nok mest vanleg vere å finne innan norsk tradisjon, men ein vil også oppmode studentar om å skaffe seg innsikt i andre tradisjonskulturar, t.d. gjennom opphald i utlandet. Vidare vil det vere utanlandske studentar som naturleg nok må få ta utgangspunkt i eigen tradisjon.

Innhaldet i den teoretiske/ skriftlege delen, og den praktiske utøvingsdelen skal til saman omfatte:

  • Problemformulering
  • Val og grunngjeving av strategi og metodar
  • Klårgjering av relevant saksinnhald og sentrale omgrep
  • Gjennomføring av eit prosjekt ved hjelp av kjelder, eigne observasjonar og utøving
  • Høveleg dokumentasjon, både teoretisk og praktisk-estetisk
  • Drøfting av resultat

Som vedlegg til mastergradsprosjektet skal det utarbeidast eit skriftleg samandrag på 1-2 sider, til database.

Dokumentasjon

I mastergradsprosjektet bør ein starte med dokumentasjon. Det kan vere kunnskap om lyd, bilde, gjenstandar og prosessar. Dei studentane som treng opplæring i teknisk basiskunnskap må få høve til å setje seg inn i dette heilt frå starten av prosjektet.

Folkemusikk:

Teknisk basiskunnskap.

Mange folkemusikkstudentar må skaffe seg innsikt i det tekniske grunnlaget for ulike lyd- og bildeberande format, - så som papir, film, voksrullar og ulike digitalformat. Dei må kjenne til vesentlege skilnader mellom tekniske dokumentasjonsalternativ som finst i dag.

Informasjon og informasjonsberarar.

I mange prosjekt vil det vere viktig for studenten å setje seg inn i korleis tradisjonen varierer over tid, frå område til område, frå utøvar til utøvar og / eller hos same utøvar over tid. Ulike tekniske hjelpemiddel (forskjellige opptaksmetodar) i registrering og dokumentasjon kan gi forskjellig informasjon om variasjonane i tradisjonsuttrykka. Det kan også vere naudsynleg å vere kritisk til informasjonsberarar og tradisjonsuttrykk.

Generelt arkivoversyn.

Det er viktig å vere kjent med det offentlege arkivvesenet, samt dei viktigaste privatarkiva i landet. I tillegg trengs det kunnskap om korleis ein kan finne fram i dei ymse arkiva, og kva reglar som gjeld for bruk og offentleggjering av arkivmateriale.

Folkekunst:

Registrering.

I manga av prosjekta i folkekunst kan det vere viktig å skaffe seg kunnskap om ulike former for registrering og dokumentasjon av folkekunstgjenstandar og arbeidsprosessar knytte til materialområda tre, tekstil og metall. Studenten må sjølv ofte dokumentere og registrere grunnlagsmateriale innan materialområda. Grunnlagsmaterialet må ikkje vere for omfattande, då dette materialet skal brukast, formidlast og vere gjenstand for analyse innan overkommelege praktiske og teoretiske rammer.

Museum og samlingar.

I mange av prosjekta innan folkekunst vil det vere naudsynleg med innsyn i ulike offentlege institusjonar som har hatt og har ansvar for å ta vare å på dei folkelege kunst- og kulturgjenstandane. Det kan vere viktig å vite kvifor desse institusjonane blei stifta, og korleis dei har arbeidd fram til i dag. Kjennskap til private samlingar kan også vere aktuelt.

I slike tilfelle vil det vere nyttig å gjere seg kjent med ulike registrerings- og katalogiseringsmåtar som er nytta, samt reglar og retningsliner som gjeld ved bruk / utlån og offentleggjering av materialet.

Praksis / utøving

Det er naudsynleg at utøving er til stades i mastergradsprosjektet. Studentane skal erfare og vite om korleis ein får kunnskap ved å vere utøvar av tradisjonskunst. Anna praksis kan også inngå sekundært i nokre av prosjekta, - slik som innsamlingspraksis, arikivpraksis, databehanling, mediekunnskap etc.

I nokre prosjekt med primært utøvande profil, kan reint kunstnarleg instruksjon vere naudsynleg. For folkemusikarar vil det kunne vere timar på hovudinstrument, for folkekunstnarar vil det kunne vere timar i arbeid med det materialet dei arbeider med, arbeidsteknikkar, kunstnarleg uttrykk etc. Slik undervisning må eventuelt inngå som ein del av vegleiinga, og det er rådgjevarane som bestemmer om vegleiingstimar skal kunne brukast på denne måten.

Formidling

Mastergradsprosjekta skal innehalde formidling, men i nokre prosjekt vil denne delen vere sterkare til stades enn i andre. Dette skal vere klart alt i prospektet. Elles er det studenten i samråd med vegleiarane som skal vurdere i kva perspektiv ein skal sjå formidlinga, samt det teoretiske og praktiske omfanget og av den formidlande delen.

Organisering

Til sjølve mastergradsprosjektet vil individuell rettleiing bli viktigaste undervisningsforma. Studentar og rettleiar skriv under på ein rettleiingsavtale. Denne avtalen fastset rettar og plikter for begge partar. I tillegg til faste rettleiingssamlingar vert det arrangert to seminar i haustsemesteret. Det eine seminaret er eit fagseminar der ein tek opp problemstillingar som er relevante for studentane sine prosjekt. Under det andre seminaret skal studentane legge fram prosjekta for kvarandre og for 1. års studentane på masterstudiet.

Vurderingsformer

Praktisk / teoretisk eksamen

  • Mastergradsprosjektet (30stp): Dette er todelt, - ein kombinasjon av praksis og teori. Ein får difor to komponentar å vurdere:

1) Praksis: Ein utøvande og formidlande del. Denne delen kan framførast levande eller dokumenterast med t.d. video, DVD, reine lydopptak, kommenterte bilete,dokumenterte og kommenterte utstillingar, konsertar mm

2) Teori: Dokumentasjon og drøfting av eit tradisjonskunstnarleg materiale. Dette kan vere ei rein skriftleg avhandling etter mønster av Thesis-varianten i dei anglo-amerikanske MA-studiane (tilsvarar hovudoppgåva i det gamle norske hovudfagsstudiet.) Men ein kan også fylle dei teoretiske krava gjennom andre former for framlegging og dokumentasjon.

Det er mogleg for studentane å vekte den utøvande delen og den skriftlege / teoretiske delen ulikt. Ein kan godkjenne at den eine komponenten vert vektlagt meir enn den andre om problemstillinga i prosjektet tilseier at ei slik vekting er naturleg. Det ideelle er ei vekting på 50% -50%, men ein kan også ha ei vekting med eit klart tyngdepunkt, enten i teoretisk eller utøvande retning. Denne vektinga vert fastsett av rettleiarar i samråd med studenten i siste fase av rettleiingsprosessen. Om det er ei oppgåve med eit utøvande siktemål, vil karakteren for utøving ha størst vekting, og motsatt, om det teoretiske perspektivet har størst verdi for oppgåva sin heilskap. Det er likevel viktig for vurderinga at den praktiske og teoretiske komponenten i prosjektet utgjer ein heilskap.

Mastergradsprosjektet skal avsluttast med ein munnleg eksamen, der studenten blir eksaminert i både dei praktiske og teoretiske komponentane. I denne munnlege eksamen blir endeleg karakter fastsett for mastergradsprosjektet, inkl. forprosjektet (tilsaman 90 stp).

Den munnlege eksamen kan verke inn på delkarakterane. På grunnlag av vurderinga av utøvande del og teoretisk del i mastergradsprosjektet og resultatet frå munnleg eksamen, vil samla karakter for mastergradsprosjektet bli utrekna og fastsett av sensor.

Vitnemål for mastergradsstudiet vil sjå slik ut:

  • Skriftleg eksamen i teoretisk fellesdel – karakter 25% av hovudkarakter
  • Forprosjekt – bestått / ikkje bestått
  • Mastergradsprosjekt – karakter 75% av hovudkarakter
    • Utøvande del - delkarakter
    • Skriftleg / teoretisk del - delkarakter

Munnleg eksamen – ingen karakter (vert ikkje ført på vitnemålet).

Karakter for mastergradsprosjektet dannar grunnlaget for 75% av hovudkarakter.

I mastergradsprosjektet blir det gjeve karakterar etter karakterskalaen frå A til F (A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått. )

Dersom studenten består alle prøvene vil han / ho til slutt få ein hovudkarakter på skalaen frå A til E. Kvart delemne må vere bestått for at hovudemnet skal vere bestått. Ein viser dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil.Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Bodil Akselvoll - 27.02.2009