Norsk 30NORSK
Læringsmål
Norskfaget er eit kulturfag, eit danningsfag og eit estetisk fag, og handlar om identitet og om forholdet vårt til samtid og fortid. Faget skal få oss til å forstå oss sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng. Norskfaget er og eit handverk, noko som inneber det å kunne meistre det norske språket med sine to målformer, og det å kunne utvikle eit språk om språket. Norsk som språk manifesterer seg i den munnlege og skriftlege teksten, og teksten er det som både det teoretiske og det praktiske studiet samlar seg om.
Å vere ein dugande norsklærar inneber å kunne leggje til rette undervisninga på ein slik måte at alle dei fem grunnleggjande ferdigheitene blir tekne omsyn til (jamfør KL06): Det å kunne uttrykkje seg munnleg, å kunne uttrykkje seg skriftleg, å kunne lese, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verktøy. Dei norskfaglege krava vi stiller til deg som student, reflekterar desse grunnleggjande ferdigheitene. Sjå under punkt 3: Innhald – ”Kva studenten skal kunne”, etter kvart hovudpunkt.
Norskfaget er eit vitskapsfag, eit studiefag og eit sentralt fag i grunnskolen. Fagleg kompetanse i norskfaget byggjer på gode kunnskapar i språklege og litterære emne, og gode faglege kunnskapar ligg til grunn for utviklinga av fagdidaktisk tenkning og praksis. Didaktisk kompetanse vil blant anna seie at du reflekterar over forholdet mellom teori og praksis. Lærarrolla krev og sosial kompetanse. I norskfaget i studiet vil du få utvikle evna til å observere, lytte og forstå andre, leie gruppeprosessar og setje deg inn i erfarings- og kunnskapsverda til elevane, slik ho til dømes kjem til syne i dei skriftlege tekstane elevane produserer. Lærarrolla krev samtidig endrings- og utviklingskompetanse. Som norsklærar er du aldri heilt ferdig utdanna. Å halde seg fagleg oppdatert, er ein evigvarande prosess. Du må vere i stand til å møte endringar både i yrkesrolla og i læreplanar og pedagogiske retningar. Lærarrolla krev samtidig yrkesetisk kompetanse. Innanfor norskfaget kan dette til dømes gje seg utslag i kva for skjønnlitterære eller samansette tekstar du vel å presentere for elevane dine. Dei grunnleggjande verdiane i opplæringa må vere rettesnora, ikkje berre for innhaldet i faget, men også for måten du møter elevane på.
Innhold
1. Munnleg bruk av språket
I lærargjerninga er det munnlege språket den viktigaste reiskapen din, og medvit om dette er viktig i norskfaget. Dette medvitet kviler på kjennskap til forskjellen mellom tale og skrift, kjennskap til ulike munnlege kommunikasjonssituasjonar og ulike munnlege sjangrar, som forteljinga, utgreiinga og foredraget.
Den klassiske retorikken er ein vitskap om kommunikasjon, og er difor ei kjelde til inspirasjon og kunnskap om kva som er god munnleg framstilling. Det munnlege språket innber ikkje berre tekniske ferdigheiter. Det levande ordet kan fungere overtydande og overtalande, som ei estetisk oppleving og som ei form for erkjenning. Derfor er kjennskap til elementær retorikk viktig, og den gode klassesamtala er ein sentral munnleg sjanger for læring og ny kunnskap, som du får høve til å prøve ut i praksis.
Eit anna berande element i dette emnet er kunnskap om språklege variasjonar av geografisk, sosial, kulturell og/ eller etnisk karakter. For å kunne leggje til rette for ei god begynnaropplæring i lesing og skriving, må du og kjenne til viktige trekk i barns språkutvikling i førskulealder.
Studenten skal kunne:
- kjenne til særtrekk ved munnleg tale og språkleg mangfald
- kjenne til sentrale trekk ved den klassiske retorikken
- meistre sentrale munnlege sjangrar, som forteljinga og foredraget
2. Lese- og skriveopplæring, lese- og skriveutvikling
Den grunnleggjande skrive- og leseopplæringa gjer oss til tenkande, skrivande og lesande menneske, og er grunnlaget for læring i alle fag.
Kjennskap til barns lesevanar og evna til å lese og forstå ulike tekstar er viktig. Dette gjeld både den grunnleggjande leseopplæringa, "den andre leseopplæringa", og det gjeld skriveutviklinga. Det er viktig at du som lærar kjenner til teknikkar som kan hjelpe elevane til å utvikle gode lese- og skrivestrategiar. Å skape ulike lese- og skrivestrategiar, gjerne med estetisk tilnærming, kan bidra til å utvikle gode lese- og skriveferdigheiter som kjem til nytte i alle fag.
Når det gjeld di eiga skriving, er det viktig at du i løpet av studiet skriv deg inn i ein akademisk og sakprega måte å skrive på, i tillegg til at du prøver deg i ulike sjangrar. Du får også prøve ut dei nye digitale tekstformene. Eit viktig mål for desse aktivitetane er at du ser samanhengen mellom skriving og læring, i tillegg til at dei gjer deg betre i stand til å undervise andre i skrivekunne.
Studenten skal kunne:
- kjenne til teoriar om lesing og leseutvikling på alle alderssteg, og vurdere ulike stadium av leseferdigheiter
- vurdere metodar i den fyrste lese- og skriveopplæringa
- følgje ei utvikling av skriveferdigheiter hjå eleven
- ha kjennskap til ulike språkstimulerande tiltak på alle alderssteg
- kjenne til ulike former for skriveopplæring og vere i stand til å vurdere ulike arbeidsmåtar
- vidareutvikle eigne skriveferdigheiter og sjangermedvit, og vere i stand til å sjå samanhengen mellom skriving og læring
3. Elevteksten
Du vil møte mange typar elevtekstar i studiet. For å kunne forstå og vurdere desse tekstane, treng du sjangerteori og øving i elevtekstanalyse og vurdering. Elevtekstvurdering er ein sentral i den praktiske delen av studiet. Tekstar skrivne av elevar med minoritetsbakgrunn krev og, i tillegg til vanleg språkteori, kjennskap til språktypologi.
Innanfor dette emnet vil du også få kjennskap til den prosessorienterte skriveopplæringa, der ein bør rette spesiell merksemd på respons. Dette får du høve til å prøve ut saman med medstudentar og elevar ute i praksis.
Studenten skal kunne
- kjenne til grunnleggjande språkteori, for å kunne vurdere alle typar elevtekstar
- lære å sjå samanhengen mellom fagleg og pedagogisk vurdering av elevtekstar, med utgangspunkt i offisielle rettleiingar for vurdering
- lære å følgje utviklinga av skriveferdigheitar hjå eleven, med utgangspunkt i tekstar skrivne på ulike alderssteg
4. Skjønnlitterære sjangrar
Innsikt i og forståing av det litterære språket er det viktigaste utgangspunktet for ei god litteraturundervisning. Du skal lese eit utval av både eldre og nyare tekstar, vaksenlitteratur og barne- og ungdomslitteratur i ulike sjangrar. Mytar og folkedikting bl.a. frå det samiske området, vil og vere sentralt.
Den litterære samtalen er ein viktig didaktisk sjanger i litteraturlesinga, og i studiet vil du få høve til å prøve ut denne samtaleforma i klasserommet. Ein del av grunnlaget for litteraturlesinga er litteraturteoretiske omgrep, som ein må kunne anvende på dei tekstane ein les. For å få eit vitskapsteoretisk og meir overordna perspektiv på mellom anna litteraturlesing, vil du også få ei innføring i emnet tekst og tolking (tolkingsteori og teiknteori). Dessutan vil du lære om korleis skjønnlitteraturen kan brukast i tilpassa opplæring.
I det kulturelt og etnisk mangfaldige samfunnet møter litteraturlesinga nye moglegheiter og utfordringar. For å kunne møte og nyttiggjere seg desse, må læraren vere spesielt medviten både om tekstutval og tekstformidling. Men mangfaldet i skolen dreier seg og om språkleg mangfald og jamstilling mellom målformene. Dei litterære tekstane vil derfor vere i begge målformer, og frå ikkje-vestlege land og kulturar, og ein vil arbeide særskilt med litteraturformidling i ljos av det fleirkulturelle.
Studenten skal kunne
- sjå eigenarten ved det skjønnlitterære språket
- utvikle kunnskap og medvit om korleis den litterære teksten heng saman med historie og samtid
- sjå samanhengen mellom mytisk stoff og skjønnlitterære tekstar
- legge til rette for arbeid med skjønnlitteratur i fleirkulturelle klassar
5. Sakprosa
Medan skjønnlitteraturen er den eine, er sakprosaen den andre hovudkategorien ein kan dele alle tekstar inn i. I studiet vil du møte sakprosaen på ulike måtar. Du vil lese og lære om det kunstferdige essayet i grenselandet mellom skjønnlitteratur og sakprosa, og lære om korleis nye medium skaper nye sjangrar, som til dømes tekstmeldinga.
Grunnleggjande kjennskap til hyperteksten og den digitale teksten er viktig, i tillegg til fagdidaktisk innsikt i tradisjonelle sakprosasjangrar (lesarinnlegget, artikkelen m.m.). Vurdering av læremiddel, digitale og andre, er og ein sentral del av dette emnet, sidan nye undervisningsformer i grunnskolen skaper nye behov for læremiddel.
Studenten skal kunne
- ha innsikt i sakprosa som teksttype, inkludert den digitale teksten
- gjere greie for og drøfte sjangervariasjon
- vere i stand til å vurdere ulike typar læremiddel
- leggje til rette for bruk av sakprosa i undervisninga
6. Samansette tekstar
Barn og unge lever i ein mangfaldig kultur der lyd, bilete, skrift og tale utgjer ein tekstheilskap. Kunnskap om dette blir stadig viktigare for å kunne forstå barn og unges førestillingsverd. Denne samansette teksttypen blir også kalla multimodale tekstar – eit omgrep som fortel om eit komplekst samspel mellom fleire forskjellige modi, både visuelle, auditive og verbale.
Samansette tekstar kan vere både analoge og digitale. Dei analoge teksttypane kan for eksempel vere teaterframsyninga, papiravisa, den munnlege framføringa, teikneserien og barneteikninga med ord og bokstavar, biletbøker osb. Dei nyare digitale sjangrane kan til dømes vere nettsider, dataspel, pedagogiske læringsressursar og samansette korttekstar som reklamefilm, musikkvideo, biletmontasje, kortfilm osb. Som kommande lærar skal du kunne legge til rette for arbeid med produksjon av enkle samansette tekstar, både digitale og analoge. Å kunne avkode og stille seg kritisk til dagens omskiftlege tekstkultur, krev ein ny tekstkompetanse som dette emnet skal gi deg innsikt i.
Studenten skal kunne:
- gjere greie for det spesielle samspelet mellom fleire modi i ein samansett tekst
- vurdere samansette tekstar utifrå både estetiske og etiske perspektiv
- sjå samanhengen mellom samansette tekstar og skjønnlitteratur og sakprosa
- legge til rette for arbeid med samansette tekstar i undervisninga
Organisering
Norskfaget er lagt til haust- og vårsemesteret dei to første studieåra i utdanninga (fire semestre). Heile studiet er kvantifisert til 30 studiepoeng, og arbeidsmengda er fordelt likt på kvart semester. I semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.
Det er viktig å skrive mykje i eit fagstudium. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i ei digital arbeidsmappe merka med ditt eige namn. I arbeidsmappa samlar du alt du skriv i løpet av året, fagloggar, skisser, rapportar, både uferdige og meir gjennomarbeidde tekstar. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar, medan andre tekstar ventar ein at studentane sjølv gjev kvarandre tilbakemelding på. Målet med mappearbeidet er at du skal kunne arbeide med tekstane over tid, og skrive fleire utkast fram til eit godt sluttprodukt. Faglærar skal rettleie mappearbeida til studenten undervegs, men ikkje heilt fram til ferdig tekst, og ferdigstillinga av tekstane er derfor studentane sitt eige ansvar. Men tekstane må likevel vere av ein slik kvalitet, at faglærar skal kunne godkjenne tekstane i arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrava.
Til arbeidsformene som både set studenten og faget på nye prøver, men samstundes opnar for nye moglegheiter, er fleirfagleg og tverrfagleg arbeid. I studiet skal du få erfaring med fleirfagleg og tverrfagleg temabasert undervisning, der eit viktig mål er å kunne vurdere det norskfaglege utbyttet. Denne undervisningsforma kjem du også til å møte i praksis.
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar, som mellom anna fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs og bruk av Fronter. Du vil og få individuell rettleiing, bl.a. i form av læringssamtalar, der du vil måtte reflektere over eigen progresjon i forhold til dei fastsette måla for faget. Nokre av aktivitetane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved i semesterplanane.
Tverrfaglege arbeidsformer vil i Norsk 1 knyttast opp mot den fellesfaglege profesjonskunnskapen, slik den framgår av kapittel 3.1. i fagplanen for PEF. I det tverrfaglege samarbeidet med dei andre faga som inngår i emnebolken profesjonskunnskap, vil ein både kunne reflektere over kva faga har felles, og kva som er særeige for dei enkelte faga. Innafor den tverrfaglege bolken, vil norskfaget delta i kvart av dei tre hovudområda for profesjonskunnskap.
Estetisk teori og didaktikk for den estetiske dimensjonen
Dette er både norskfagleg og fagoverskridende teoretisk lærestoff i estetikk, tekst- og språkteori, og dels som didaktisk refleksjon i seminar og prosjektarbeid. I studiet av estetisk teori vil studentane blant anna arbeide fram ein tverrfagleg didaktikk for den estetiske dimensjonen.
Fleirfaglege og tverrfaglege arbeid
I det første studieåret vil Norsk samarbeide med Drama i eit tverrfagleg prosjektarbeid, Teater for barn. I det andre studieåret (tredje semester), vil norskfaget bidra i eit Interart-prosjekt, saman med Musikk og Pedagogikk. I det fjerde semestret vil norskfaget vere leiande i ei tverrfagleg, estetisk tilnærming til emnet Grunnleggende lese- og skriveopplæring (GLS), i samarbeid med Musikk og Pedagogikk. Lesing og skriving på estetisk grunn, vert her eit stikkord. I tillegg vil norskfaget ta opp aspekt ved det tverrfaglege emnet Ungdomskultur.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering. Sluttvurderinga kjem til uttrykk i form av ein karakter gitt etter ei presentasjonsmappe i tredje semester, og ein karakter gitt etter ein munnleg eksamen i fjerde semester. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga du vil få i form av veiledning og tilbakemeldingar på munnlege og skriftlege arbeider. Norskfaget har slik ei rekkje portar som du må passere for å kunne melde deg til eksamen og få ei sluttvurdering.
Første studieåret:
Fleirfaglege/ tverrfaglege arbeider: Eit tverrfagleg samarbeid med dramafaget, Teater for barn, gjennomførast det andre semesteret (med utgangspunkt i eit mytologisk emne/ mytemotiv). Dette tverrfaglege arbeidet skal førast fram mot ein sceneproduksjon eller scenisk presentasjon/ framføring retta mot barn, og vert vurdert til bestått/ ikkje bestått.
Godkjenning av arbeidsmappe etter første året: Dei tekstane du skriv i løpet av det første året av norskstudiet, samlar du i ei arbeidsmappe som må godkjennast, før du kan ferdigstille den skriftlege presentasjonsmappa i slutten av tredje semester.
Andre studieåret:
Fleirfaglege/ tverrfaglege arbeider: Studentane vil få undervisning i grunnleggjande lese- og skriveopplæring (GLS) det andre året av studiet. Det andre studieåret vil studentane og ta del i eit Interart-prosjekt. Arbeidsprodukta av båe desse emna, vert vurdert til bestått/ ikkje bestått.
Estetisk teori og didaktikk for den estetiske dimensjonen: Dette fellesfaglege emnet består av eit tverrgåande, obligatorisk studium dei to første åra av studiet. Organisering og vurderingsform kunngjerast på semesterplanen.
Sluttvurdering: Presentasjonsmappe
Den godkjente arbeidsmappa skal danne grunnlaget for den endelege mappa, presentasjonsmappa, som vert sett saman ut frå gitte kriterium og med ein gitt tidsfrist. Presentasjonsmappa vil difor vere eit utval av tekstane frå arbeidsmappa. Saman med tekstane skal det leggjast ved eit refleksjonsnotat, der du blant anna skal gjere greie for sjølve arbeidet med tekstane, og gje ei vurdering av di eiga skriveutvikling. Du vil få nærmare retningsliner for mappeskriving, bl.a. om kva som er obligatorisk, kva for fristar som gjeld, kva slags sjangrar du skal skrive i osv. Teksttilfanget i presentasjonsmappa skal vere på begge målformer.
I sluttvurderinga tel presentasjonsmappa 60 % og den munnlege sluttprøva 40 % av samla karakter, og denne karakteren gjev samla 30 studiepoeng. Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til E, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått. Sjå elles føreskrifter om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Unni Solberg <Unni.SolbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av - 27.02.2009