Folkekunst 3 FKUN3
Læringsmål
I dette andre fordjupingsåret i folkekunst skal studentane vidareutvikle ferdigheitene sine i å formgje i eit materiale. Å meistre eit materiale på ein slik måte at ein kan kombinere teknikkar og estetisk kompetanse for å nå sine mål uttrykt i form av ein gjenstand, krev lang læringstid. Dei to første studieåra i folkekunst har hatt eitt fokus på breidde og å gje studentane ei oversikt over teknikkar, materialkunnskap og formspråket i tradisjonskunsten.
Det naturlege er at ein etter kvart vel ei retning å spesialisere seg i. I dette tredje året må studentane velje bort noko og gå i djupna på eit valt område.
Eit treårig bachelorstudium i folkekunst vil kvalifisere for opptak til masterstudium i tradisjonskunst eller masterstudiet i formgjeving, kunst og handverk. Det er lagt opp til ein fagleg progresjon gjennom dei tre studieåra, og det tredje året vil særleg styrke kompetansen innan materialbasert formgjeving og estetikk, noko som igjen vil gje eit betre fagleg grunnlag for å nå eit høgare nivå i eit utøvande masterstudium.
Om ein vel å ikkje gå vidare på eit masterstudium, vil ein ha eit betre grunnlag for å halde fram som utøvar innan sitt handverk.
Gjennom studiet skal studentane:
- Auke sin kunnskap om materialet og materialet sine kvalitetar og eigenskapar
- Arbeide med problemstillingar knytt til vidareføring av tradisjonskunst og omformulering i nye uttrykk
- Arbeide med formproblematikk knytt til spesielle tekniske utfordringar og løysingar
- Få auka kunnskap og trening i å utvikle eigne idear fram til realiserte produkt
- Arbeide sjølvstendig og reflektert i forhold til eigne val og løysingar
- Ta sikte på å kome fram til eit klart og personleg uttrykk i si formgjeving
Innhold
Kunnskap innan tradisjonsbasert formgjeving i eit materiale har fått mindre plass i vår tid. Dette studietilbodet skal gje studentane ein tryggare ståstad for å kunne halde fram som utøvarar etter fullført bachelorstudium ved at dei har kunne arbeide med å spesialisere seg innafor eit materiale i tre år.
Studiet er delt opp i to bolkar, den eine i haustsemesteret og den andre i vårsemesteret. Dei tre første delemna vert det undervist i om hausten og delemne 4 skal gjennomførast i vårsemesteret.
Fordjupingsoppgåve i vårsemesteret byggjer på undervisninga om hausten.
Studentane skal få høve til å fordjupe seg innan sine fagfelt, både teoretisk og praktisk.
Delemne 1:Materiale, form og teknikk (20 studiepoeng)
Gjenstanden er eit resultat av materiale, form og teknikk og utøvaren sin fortrulegheits – og ferdigheitskunnskap i høve til å beherske desse faktorane. Studenten skal få innføring i tradisjonelle teknikkar og på bakgrunn av dette arbeide vidare med eigne eksperiment og studiar i formale grunnprinsipp og i ulike materialkvalitetar. Ein skal også arbeide med teknikkar som det har vore undervist i tidlegare år, men då med eit siktemål om å utforske teknikken vidare, kanskje til andre føremål og med problemstillingar innan det formalestetiske feltet.
- Studenten skal tilegne seg kunnskap i nye teknikkar
- Studenten skal utforske tilhøvet mellom form, materiale og teknikkar med utgangspunkt i problemstillingar som vert presenterte
- Studenten skal arbeide etter ein eksperimenterande metode for å kome fram til nye løysingar
- Studenten skal reflektere og vurdere formalestetiske utfordringar og løysingar som gjeld vidareføring av tradisjon i nye gjenstandar
Delemne 2: Fagteori (5 studiepoeng)
Teoretisk kunnskap og innsikt skal auke studentane si forståing og evne til å analysere og reflektere kring tradisjon og estetiske problemstillingar og uttrykk. Ein bygger vidare på teori frå dei to tidlegare studieåra. Studentane skal få eit grunnlag for å kunne vurdere eigne uttrykk i ein notidig samanheng og bli medvitne om estetiske verkemiddel i den materielle tradisjonskunsten og i andre kunstnarlege uttrykk. Fagteorien vil omhandle både generelle kunstteoretiske uttrykk og meir fagspesifikk teori knytt til tradisjonar innan dei ulike materialområda.
- Studenten skal sette seg inn i fagteori som er knytt til den praktiske undervisninga
- Studenten skal få innsyn i ulike kunstnarlege uttrykk i vår tid og sette desse inn i ein større samanheng
- Studenten skal kunne analysere og vurdere gjenstandar og kunstnarlege uttrykk
Delemne 3: Forskingsmetodikk og FoU-arbeid ( 5 studiepoeng)
Forskingsmetodikken skal hjelpe studentane til å gjere riktige val i dei ulike studieoppgåvene, både i forhold til praktiske- og teoretiske problemstillingar. Det er eit mål at studentane vert i stand til å arbeide systematisk for på den måten å tileigne seg ny kunnskap. I dette delemnet skal studentane utforme eit prospekt for arbeidet med fordjupingsoppgåva som dei skal arbeide med i vårsemesteret.
- Studenten skal kunne avgrense studiefeltet sitt, utforme problemstillingar, bruke kjeldemateriale, presentere og vurdere resultat av arbeidet sitt.
- Studenten skal få kunnskap om ulike metodar for innhenting av datamateriale og på bakgrunn av dette velje hensiktsmessige metodar i sitt studium der kombinasjonen av praktiske og teoretiske tilnærmingar vil vere sentrale
- Studenten skal utforme eit prospekt som dannar grunnlaget for eit større arbeid, fordjupingsoppgåve.
Delemne 4: Prosjektarbeid – fordjupingsoppgåve (30 studiepoeng)
Vårsemesteret er sett av til arbeid med ei fordjupingsoppgåve som vil vere det avsluttande bachelorprosjektet. Prosjektet skal innehalde både ein teoretisk og ein praktisk utøvande del, og skal reflektere målet for dette studiet som er å nå eit høgare nivå som utøvar. Gjennom delemne 3 skal studenten arbeide for å definere prosjektet sitt, ved å avgrense studiefeltet sitt, utforme problemstilling, lage framdriftsplan mm.
Arbeide med fordjupingsoppgåva skjer under rettleiing, seminarundervisning og sjølvstudium.
Studentane skal sjølve søke litteratur og kjelde for dette prosjektet.
Organisering
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, ekskursjonar og sjølvstudium. Haustsemesteret har mest direkte undervisning, medan vårsemestert er lagt opp til stor grad av sjølvstudium. Undervisninga i haustsemesteret vil bli organisert i faste vekedagar og intensive bolkar i tilknytning til oppstart og innføring av nye tema.
Etter at prospektet for fordjupingsoppgåva er godkjent i vårsemestert, må studenten sjølv arbeide for å hente inn kunnskap, både teoretisk og praktisk kunnskap gjennom arbeid innan sitt materiale, fram til endeleg bacheloreksamen.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, ekskursjonar og sjølvstudium. Haustsemesteret har mest direkte undervisning, medan vårsemestert er lagt opp til stor grad av sjølvstudium. Undervisninga i haustsemesteret vil bli organisert i faste vekedagar og intensive bolkar i tilknytning til oppstart og innføring av nye tema.
Etter at prospektet for fordjupingsoppgåva er godkjent i vårsemestert, må studenten sjølv arbeide for å hente inn kunnskap, både teoretisk og praktisk kunnskap gjennom arbeid innan sitt materiale, fram til endeleg bacheloreksamen.
Det vert organisert 3 obligatoriske vekesamlingar i delemne 4 i vårsemesteret, der studentane legg fram arbeidet sitt og får tilbakemeldingar. Ein kan også i desse samlingane ta opp til drøfting felles tema og problemstillingar. Mellom samlingane arbeider studenten sjølvstendig og under rettleiing. Studentar som har valt å ta delar av dette semesteret ved ein utanlandsk institusjon vil kunne få fritak frå deltaking på dei obligatoriske samlingane, men skal ha kontakt med rettleiar ved heimeinstitusjonen og avlegge endeleg eksamen der.
Vurderingsformer
Det tredje studieåret i folkekunst gjev 60 studiepoeng og er sett saman av to bolkar som kvar gjev 30 studiepoeng. Den eine bolken på 30 studiepoeng vert avslutta i haustsemesteret og den andre bolken vert avslutta i vårsemesteret. Det vert ført to delkarakterar på vitnemålet.
Haustsemester, 30 studiepoeng
Arbeidskrav som må vere gjennomførte for å få vitnemål:
1 studieoppgåve vurdert til bestått / ikkje ikkje bestått i delemne 1
1 studieoppgåve vurdert med karakter i delemne 1
1 skriftleg prøve, 4 timar i fagteori
Studieoppgåve med karakter tel 75 % av karakter
Skrifteg prøve i fagteori tel 25 % av samla karakter
Vårsemester, 30 studiepoeng
Arbeidskrav som må vere bestått for å få vitnemål:
Studenten må ha delteke på dei 3 obligatoriske vekesamlingane
Studenten skal møte opp til obligatoriske rettleiingstimar
Prosjektarbeid – fordjupingsoppgåve vert vurdert med karakter og tel 100 % av karakteren
Fordjupingsoppgåve skal presenterast ved avslutninga av studieåret.
( A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått)
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 18.02.2009