Litteratur og kultur, Latin Amerika og Spania 2305

Læringsmål

Målet med kurset er å gje studenten eit kulturelt perspektiv på den spansktalande verda. Studentane skal tileigne seg analyse, kritikk og forståing av ulik litteratur og kulturelle, sosiale og politiske fenomen i dei landa som er omfatta av det latinamerikanske og spanske fellesskapet.

Innhold

Studiet tilbyr ei generell innleiing i latinamerikanske og spanske kulturelle tema, med spesiell vekt på samtidshistorie og den politiske debatten i det iberoamerikanske litteratur- og kulturområdet. Studieemnet tar m.a. for seg emne som kultur, kulturell identitet, sosiale rørsler, nasjonale minoritetar, feminisme, regionale konfliktar, musikk og film.

Organisering

Studiet er sett saman av førelesingar og seminar, og det vil vere obligatorisk deltaking i seminara. 10 veker (60 undervisningstimar), ei sjølvstudieveke og ei veke med to eksamenar (munnleg og skriftleg). Undervisninga går føre seg på spansk. Førelesingar i kulturkunnskap, der sentrale pensumtekstar blir kommenterte. Førelesingar i språk, med tilknyting til øvingar i grammatikk og omsetting. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.

Vurderingsformer

Eksamenen er todelt:
Ei skriftleg prøve på 4 timar som tel 50 % av samla karakter.
Ei munnleg prøve på inntil 30 minuttar som tel 50 % av samla karakter.
Prøva er for det første ei samtale på spansk om emne som er gjennomgått i kurset, og for det andre høgtlesing frå og samtale om tekstar på spansk.

Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile emnet. Det blir gitt graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 05.08.2009