Forprosjekt 30MASTFP
Innhold
Forprosjektet m. prospekt
Før studentane går i gang med mastergradsprosjektet er det viktig at dei brukar tid på å avgrense stoff og emne, avklare problemstillingar og metodar. Dette arbeidet blir kalla forprosjektet. I dette skal studenten syne korleis dokumentert - / innsamla materiale kan brukast med omsyn til å utvikle ei realistisk problemstilling. Til forprosjektet høyrer det også at studenten skal finne fram til teoretiske referansar som er særleg relevante for det aktuelle mastergradsprosjektet.
Arbeidet med forprosjektet startar i første semester. Gjennom eit skriveseminar skal studentane få hjelp til å starte arbeidet med å utforme ei skisse til prospektet. Denne skissa skal leverast inn i slutten av haustsemesteret.
Arbeid med forprosjektet vil bli følgd opp gjennom tre meir praktisk retta seminar i andre semester. Her vil dei ymse prosjekta bli drøfta. Forprosjektet skal vere avslutta i siste del av andre semester med eit prospekt, dvs. ein oversikt på 8-10 sider, for arbeidet med mastergradsprosjektet. I tillegg til det som alt er nemnt ovafor skal prospektet innehalde ein framdriftsplan for arbeidet med mastergradsprosjektet. Presentasjonane på dei tre seminara, samt det skrivne prospektet skal vere godkjent før studenten kan gå vidare med mastergradsprosjektet. Studenten vil få tildelt to rettleiarar under arbeidet med forprosjektet.
Prosjekta og rettleiinga blir tilpassa den einskilde studenten og vil vere knytt til det kjeldematerialet studenten arbeider med. Dette kjeldematerialet vil nok mest vanleg vere å finne innan norsk tradisjon, men ein vil også oppmode studentar om å skaffe seg innsikt i andre tradisjonskulturar, t.d. gjennom opphald i utlandet. Vidare vil det vere utanlandske studentar som naturleg nok må få ta utgangspunkt i eigen tradisjon.
Innhaldet i den teoretiske/ skriftlege delen, og den praktiske utøvingsdelen skal til saman omfatte:
- Problemformulering
- Val og grunngjeving av strategi og metodar
- Klårgjering av relevant saksinnhald og sentrale omgrep
- Gjennomføring av eit prosjekt ved hjelp av kjelder, eigne observasjonar og utøving
- Høveleg dokumentasjon, både teoretisk og praktisk-estetisk
- Drøfting av resultat
Organisering
Alt i førelesningane i den teoretiske fellesdelen vil det bli fokusert på forprosjektet. Dette vil bli særleg synleg i emnet vitskapsteori og i skriveseminaret. Elles vil det i andre semester bli haldne tre prosjektseminar for studentane. Her vil først og fremst dei lærarane delta, som er knytte til instituttet, men ved behov vil det også bli invitert gjesteførelesarar frå andre høgskolar og universitet. Heile tida blir siktemålet å gjeve studentane hjelp til å utarbeide prosjektplanane sine. Det er også viktig at studentane lagar kollokviegrupper der dei får diskutere med kvarandre. Individuell rettleiing blir også ein del av undervisningsformene.
Vurderingsformer
Dei tre obligatoriske seminara skal leie fram til eit endeleg prospekt .
Dei tre presentasjonane og prospektet i 2.semester utgjer 30 studiepoeng
Det vil bli gjeve karakteren ”bestått” eller ”ikkje bestått”. Prospektet skal vere bestått før ein kan gå vidare med masterprosjektet i det 3 semesteret.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 26.08.2010