Teoretisk fellesdel 30MASTFD

Innhold

Det faglege innhaldet i mastergradsstudiet fell inn i to delar; den teoretiske fellesdelen og den individuelle praktisk-teoretiske delen : Mastergradsprosjektet m. forprosjekt.

Den teoretiske fellesdelen:

Ein vil få ei felles teoretisk innføring gjennom 3 hovudtema:

  • Kunstteori og tradisjonskunst
  • Kultur og identitet.
  • Tradering, kommunikasjon og vitskapsteori.

Desse vil i nokon grad gripe inn i og overlappe kvarandre.

Kunstteori og tradisjonskunst: Studentane skal kunne drøfte kunstomgrepet og ha ei oversikt over sentrale problem i estetisk forsking.Det vil bli lagt spesiell vekt på folkekunst som ei eiga kulturform i ein større kontekst. Studentane skal også kjenne til nokre hovudtrekk i utviklinga av norsk folkemusikk.

Kultur og identitet: Studentane skal kunne drøfte kulturomgrepet, og korleis kulturen har utvikla seg i den vestlege verda. Dei må også orientere seg i den dagsaktuelle kulturelle situasjonen. Eit viktig problemfelt blir drøftinga av dei ulike syna som ligg til grunn for skiljet mellom folkekultur, massekultur og populærkultur. Studentane skal få innføring i dei teoretiske rammene som ligg til grunn for kvart av desse kultursyna. Andre viktige felt er klasseproblematikk og nasjonalisme, t.d. spørsmål om korleis vår norske identitet blei knytt til folkekulturen og bygde-Noreg.

Tradisjon, kommunikasjon og vitskapsteori: Studentane skal få innsikt i problematikken kring omgrepet tradisjon sett frå eit hermeneutisk perspektiv og få ei generell innføring i kommunikasjonsteori. Eit særleg tema er formidling av tradisjonskunst, med særleg fokus på korleis føresetnadane for tradering og formidling endrar seg i høve til nye mediar, globalisering og andre kulturelle tilhøve. Eit overgripande perspektiv er tradisjonskunst som samtidskultur og dei estetiske, ideologiske og kulturpolitiske problemstillingar som knyter seg til eit slikt perspektiv.

Studentane skal også skaffe seg ei oversikt over det vitskapsteoretiske feltet innan kunst- og kulturfaga og bli kjend med viktige omgrep og problemstillingar i tilknytning til dette. Fokus vil vere på teoretiske og metodiske problem, som skal førebu studenten på arbeidet med forprosjektet og mastergradsprosjektet, der kombinasjonen av teoretiske og utøvande element vil vere sentralt

Organisering

Det vil bli førelesingar og seminar både med faste lærarar og gjesteførelesarar. Undervisning og prøver i den teoretiske fellesdelen foregår i haustsemesteret.Vanlegvis er undervisninga konsentrert til tirsdag,onsdag og torsdag.Nokre av undervisningsøktene kvart semester blir fagseminar som også inneheld praktisk utøvande workshops. Det vil bli gjeve oppgåver og informasjon undervegs.

Vurderingsformer

Den teoretiske fellesdelen av mastergradsstudiet vil utgjere 30 studiepoeng .

Det vil bli kravd ei innlevering i midten av første semester. Denne må vere evaluert til ”bestått” for at studenten kan gå vidare, og avslutte den teoretiske fellesdelen med ei avsluttande 6 timars skriftleg prøve. På denne prøva vil det bli gjeve karakter på skalaen A-F. Karakterane A-E er ”bestått”, karakteren F er ”ikkje bestått”. Karakteren på den avsluttande prøva vil telje ¼ av den samla karakteren i heile mastergradstudiet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 26.08.2010