Folkemusikk 3 60FMUS3

Læringsmål

Studentane skal utvikle ei spisskompetanse med basis i dei to føregåande studieåra.Studentane skal vidareutvikle ei sjølvstendig tilnærming til formidling og utøving av folkemusikk. Dei skal gjennom eit eige FoU-prosjekt / feltarbeid tileigne seg praktiske røynsler og teoretisk kunnskap kring forsking og utviklingsproblematikk innan fagfeltet.

Innhold

Studiet er sett saman av to 30 studiepoengseiningar, ein praktisk / teoretisk fellesdel og ein fordjupingsdel.

Innhald i fellesdel (30 stp):

  • Tradisjonskunnskap

Tradisjonsmusikk i nokre utvalde område (stil, repertoar og tradisjonsliner) blir analysert og praktisert. Det er aktuelt å arbeide med område som er direkte relevante for studentprosjektet dei vil arbeide med i 2. semester. Kjeldekritikk er vesentleg innan dette delemnet. Eit anna tema innan dette delemnet kan vere organologi/instrumentbygging der studenten skal byggje 1-2 instrument og tileigne seg musikkhistoriske og kulturhistoriske fakta knytt til instrumentet. Studenten må i slike høve tileigne seg elementære utøvarkunnskapar for instrumentet.

  • FoU

Faget inneheld arbeid med førebuing av prosjektperiode, arbeid med problemstilling og val av metode. Ei generell teoretisk drøfting vert knytt til prosjektet i andre semesteret. Undervisninga i dette faget vert organisert saman med undervisning for folkekunst 3.

  • Folkemusikkformidling

Delemnet skal gjere studentane medvetne om ulike element som spelar inn i ein folkemusikksituasjon, både i praksis og på idéplanet. Faget må i tredje studieåret særleg knyttast opp mot prosjektfordjuping i andre semester. Ein kan tenkje seg meir direkte scenisk arbeid for dei som vel å fordjupe seg i utøving, alternativt må delemnet tilpassast dei som vel anna form for formidling, t.d. arbeid i arkiv, media osb.

  • Folkemusikk og samfunn

Studentane skal sjå norsk folkemusikk i eit historisk perspektiv og i lys av ulike kulturar sin måte å nærme seg musikalske uttrykk på. Studentane skal tileigne seg eit medvete og reflekterande forhold til folkemusikk som fenomen i vår tid, lokalt og globalt. Studentane skal fordjupe seg i 1-2 utanlandske musikktradisjonar. Delemnet vert belyst både frå ei antropologisk (monografistudium) og ei meir musikkteoretisk side.

  • Hovudinstrument

Den individuelle undervisninga byggjer vidare på undervisninga frå første og andre studieåret. Normalt vil kvar einskild student få 20 timar individuell undervisning, men dette vil kunne variere utifrå kva ressursar studiet rår over.

  • Samspel / Satslære / Arrangering

Studentane arbeider i faste grupper, sett saman etter ynskje frå studentane. Studentane skal fordjupe seg i relevante emne ( tre- og firstemmige satsteknikkar, arrangering, komponering e.l.) etter eige ynskje. Samarbeid med FM1 og FM2 er nødvendig.

Innhald fordjupingsdel (30 stp):

  • Bachelorprosjekt

Fordjupinga tek form av eit prosjektarbeid med tilhøyrande rapport (10 - 15 sider) Prosjektet kan vinklast mot utøving / formidling eller mot ei meir teoretisk analyse av eit tradisjonsmateriale.

Eit utanlandsopphald på minimum tre månader hjå ein av instituttet sine nettverkspartnarar er også aktuelt. Nye partnarar kan kontaktast. I ei utøvande / formidlande retning vil prosjektet kunne ta praktisk form av t.d. ein konsertserie, ein CD-produksjon, eit undervisningsopplegg eller arbeid i media/ ulike kulturinstitusjonar.

Ei meir teoretisk vektlegging må drøfte tradisjonsmaterialet utifrå ein musikkteoretisk, samfunnsvitskapleg og/eller kulturhistorisk ståstad.

I alle høve, også ved eit utanlandsopphald, skal ein kritisk rapport med problemformulerande element skrivast. For studenten kan det vere særleg nyttig å velje emne/tema utifrå omsynet til eit framtidig masterstudium i tradisjonskunst.

Studenten skal ha tilgang til rettleiar i prosjektperioden. I samråd med rettleiar må studenten finne relevant litteratur. Dette får konsekvensar for den faste litteraturlista, som i stor grad vil relatere til det teoretiske fellespensumet.

Organisering

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, verkstadarbeid, ekskursjonar, sjølvstudium og heimeoppgåver.

Undervisninga vil bli lagt til intensive emnebolkar gjennom første semester.

I andre semester er studiet prosjektretta og studentane må arbeide individuelt og i grupper for å planlegge og gjennomføre konsertar, turné og andre aktuelle formidlingsoppgåver. Meir forskingsprega arbeid krev også ein sjølvstendig innsats. Alle studentar har krav på vegleiing i samband med prosjektarbeidet. Instituttet vil arrangere minimum tre seminar i løpet av andre semester.

Ekskursjonar er knytt til kurset. Desse vil normalt vere knytt til ekskursjonar som første- og/eller andreårsstudentar gjennomfører. Det er elles naturleg at tredjeårsstudentane deltar i arrangement i instituttet sin regi der det er praktisk mogleg.

For studentar som vel utanlandsopphald i andre semester, vil deltaking på seminar falle bort dersom dette ikkje lar seg gjennomføre av praktiske grunnar.

Vurderingsformer

Det tredje studieåret i folkemusikk gjev tilsaman 60 studiepoeng og har to eksamenar

Eksamen i den teoretiske fellesdelen er ein skriftleg eksamen på 6 timar avlagt i første semester

Eksamen i fordjupingsdelen (vårsemester) skal avsluttast med ein munnleg eksamen, der studenten kan bli eksaminert i både praktiske og teoretiske komponentar

I den teoretiske fellesdelen og i prosjektet blir det gjeve karakterar etter karakterskalaen frå A til F (A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått. ) Det vert ført to karakterar på vitnemålet.

Passeringspunkt i teoretisk fellesdel vil kunne variere noko år om anna ettersom kva for emne det blir undervist i (sjå ovanfor). I emnet organologi/instrumentbygging skal til dømes studenten produsere 1-2 instrument for å få emnet godkjent. Ellers vil det vere normalt med innlevering av arbeidsoppgåver.

I fordjupingsdelen vil framlegging og deltaking på seminara vere obligatorisk for kvar student (bortsett frå studentar på utanlandsopphald).

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 18.12.2009