Fagdidaktikk i norsk PPUNO15

Læringsmål

Eigenarten til faget, utvikling og legitimering

  • ein mÃ¥ kjenne til viktige delar av utviklinga til skulefaget norsk for Ã¥ kunne setje praksisen som norsklærar i perspektiv
  • ein mÃ¥ utvikle ei kritisk og konstruktiv lesing av læreplanar for Ã¥ kunne reflektere over korleis læreplan kan overførast til undervisningr
  • ein mÃ¥ utforske norskfaget som identitets-, kultur- og haldningsfag og reflektere over korleis den innsikta kan overførast til praksis
  • ein mÃ¥ utvikle eit reflektert forhold til funksjonen norskfaget bør ha i større tverrfaglege undervisningsopplegg
  • ein mÃ¥ bli medvite korleis faget norsk kan øve opp toleranse pÃ¥ omrÃ¥de som likestilling mellom kjønna, det fleirkulturelle samfunnet og internasjonalisering
  • ein mÃ¥ kunne sjÃ¥ samanhengen mellom eigenarten til norskfaget og dei ulike lærarrollene

Samansette tekstar og norskfaget

  • ein mÃ¥ utvikle eit medvite forhold til dei nye digitale sjangrane
  • ein mÃ¥ vera i stand til Ã¥ vurdere norskfaglege digitale læremiddel
  • ein mÃ¥ kunne drøfta kva for rolle internett og nettbaserte kommunikasjonsformer kjem til Ã¥ spela i framtidas skule

Litteraturdidaktikk

  • ein mÃ¥ ha ein tekstkompetanse pÃ¥ skjønnlitterære tekstar slik at ein kan legge til rette for gode undervisningssituasjonar, f eks den litterære samtalen
  • ein mÃ¥ bli medvite korleis ulike skjønnlitterære sjangrar kan brukast i klassen
  • ein mÃ¥ kunne sjÃ¥ alle mogelegheitene som skjønnlitteraturen har i seg til Ã¥ kunne nÃ¥ mange elevgrupper med ulike behov, gje dei opplevingar, skape ettertanke og etisk engasjement
  • ein mÃ¥ utvikle eit reflektert forhold til det Ã¥ arbeide med mytisk og mytologisk stoff med elevane, inkludert den samiske kulturen

Språkdidaktikk

  • ein mÃ¥ kunne drøfte korleis ein skal legge til rette for formidling av tradisjonelle sprÃ¥klege disiplinar som t d sprÃ¥khistorie, grammatikk og dialektar
  • ein mÃ¥ utvikle didaktisk kunnskap om norsk som andresprÃ¥k og drøfte korleis ein kan ha eit komparativt og internasjonal perspektiv pÃ¥ morsmÃ¥lsundervisninga
  • ein mÃ¥ kunne legge til rette for undervisningssituasjonar som skal øve opp bÃ¥de munnlege og skriftlege ferdigheiter
  • ein mÃ¥ kunne drøfte og utvikle ein nynorsk- og sidemÃ¥lsdidaktikk

Vurdering

  • ein mÃ¥ ha kjennskap til nasjonale og sentrale vurderingsordningar for norskfaget
  • ein mÃ¥ kunne drøfte vurdering av munnleg og skriftleg tekst
  • ein mÃ¥ utvikle eit medvite forhold til korleis respons og elevvurdering skal fungere innafor den prosessorienterte skriveopplæringa
  • ein mÃ¥ kjenne til mappevurdering som vurderingsform pÃ¥ skriftlege arbeid

Innhold

Emnet legg vekt på desse sidene ved det norskdidaktiske feltet:

  • eigenarten til faget som skulefag
  • faghistorie
  • samansette tekstar og norskfaget
  • legitemering av faget som skulefag
  • sprÃ¥kdidaktikk
  • litteraturdidaktikk
  • lese- og skriveopplæring

Organisering

Studiet vil bli organisert som førelesingar kombinert med seminaraktivitetar. Fronter vil bli nytta som eit medium for studieinformasjon og fagdidaktiske drøftingar. Frammøtet er obligatorisk der det er markert i semesterplanen.

Vurderingsformer

I løpet av emnestudiet skal du skrive ei individuell prosjektoppgåve på om lag 12 sider der utgangspunktet er ei norskdidaktisk problemstilling som må godkjennast av faglærar.Nærmare retningslinjer for oppgåva vil bli gitt i semesterplanen.I tillegg skal du opp til ein munnleg eksamen der du får spørsmål til prosjektoppgåva og spørsmål frå pensum. Prosjektoppgåva tel 60% og munnleg eksamen 40% av samla karakter. Ein føresetnad for å bli oppmeldt til endeleg eksamen er at du presenterer munnleg eit tenkt eller erfart undervisningsopplegg, etter nærmare retningslinjer.

Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Sjå elles i forskriftene om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

15 studiepoeng påbygning

Studentar som tar 30 studiepoeng må i tillegg til 15 studiepoeng ta 15 studiepoeng påbygging ved å gjennomføre ein skriftleg eksamen på 6 timar med utgangspunkt i eit sjølvvalt pensum. Pensumet må godkjennast av faglærar og bør vera på om lag 750 sider Delkarakter på eksamen blir slått saman med endelig karakter frå norsk 15 studiepoeng til ein samla karakter. Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått. Sjå elles i forskriftene om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Sveinung Nordstoga - 13.01.2010