Norsk 2 30NORSK2
Læringsmål
Norsk 2 vektlegg emne som er særleg relevant for ungdomssteget, men studiet vil gi godt grunnlag for arbeid i grunnskolen generelt.
Viktige mål er å:
* styrkje teorigrunnlaget for å kunne formidle litteratur
* utvikle didaktisk og analytisk kunnskap om tekstarbeid
* utvikle forståing av språk som eit dynamisk og sosialt fenomen
* tileigne seg kunnskap om og skaffe seg praktisk erfaring med fagleg og fagdidaktisk bruk av digitale verktøy
Innhold
Fellesdel
Fellesdelen er ei teoretisk og didaktisk utdjuping av studiet frå Norsk 1 med tre hovudemne.
Studiet vil hovudsakleg ha ein litterær profil der litteraturdidaktikk, sjangerkunnskap, teoretisk og didaktisk refleksjon knytt til den andre lese- og skriveopplæringa er sentralt. Teoridelen skal gi grunnlag for å bli ein meir reflektert lesar og god formidlar av litteratur. Den språklege delen har ei sosiolingvistisk orientering med fokus på språkbruk som sosialt fenomen.
1. Litteraturhistorie
Med utgangspunkt i dei litteraturhistoriske termane opplysningstid, romantikk og modernisme les ein fiksjons- og fagtekstar i eit litteraturhistorisk, tekstanalytisk og didaktisk perspektiv. I tekstarbeidet vil dette bli behandla:
- Litteraturhistorisk oversyn med vekt på opplysningstid, romantikk og modernisme
- Kanoniseringsspørsmålet (legitimering av klassikarane i skolesamanheng)
- Periodiseringsspørsmålet
- Tilhøvet tekst – litteraturhistorie i eit didaktisk perspektiv
2. Ungdomslitteratur
Emnet gir teoretisk grunnlag for pedagogisk bruk av litteratur for ungdom og for didaktiske refleksjonar om ungdoms leseinteresser og mediebruk:
- Ungdomslitteraturen i historisk perspektiv
- Lesing, identitet og danning
- Faglitteratur for ungdom
- Ungdomskulturelle uttrykk (tekstar skapt av og for ungdom)
- Intertekstualitet og adaptasjon til andre medium (samansette tekstar)
3. Språkleg utvikling og mangfald
Emnet gir innsikt i korleis historiske, politiske, geografiske, sosiologiske og teknologiske prosessar påverkar språkbruk og språkhaldningar, språk som identitetsmarkør og maktfaktor:.
- Språk og identitet
- Språkhaldningar
- Skriftkultur og normering
- Norsk som andrespråk
Individuell del
Den individuelle delen består av ei sjølvvalt oppgåve. med eit spesifikt norskfagleg og/eller fagdidaktisk emne. Lærarstudentar som tar Norsk 2 i tredje året, skriv individuell del som BA-oppgåve som dekkjer 5 st med eigen karakter, så retningslinjer for BA-oppgåve.
Organisering
Norsk 2 gjev 30 studiepoeng over eit år.
Undervisinga skiftar mellom førelesingar, seminar, gruppeaktivitet og studentframlegging av stoff. Opplegget føreset at ein er til stades på den timeplanlagde undervisinga. Nokre tema vil krevje obligatorisk frammøte, som går fram av semesterplanen. Ved fråver utover 20% vil studenten ikkje få gå opp til avsluttande eksamen.
Digitale verktøy er sentralt i studiet både som fagleg emne, som læringsstøttesystem (Fronter) og som hjelpemiddel i det skriftlege arbeidet, i rettleiing og vurdering.
Arbeids- og undervisingsformer:
Førelesingar, seminar, gruppeaktivitet, studentframlegging av stoff, rettleiing og sjølvstudium.
I tråd med Kunnskapsløftet legg Norsk 2 bruk av digitale verktøy i skaping av samansette tekstar, for eksempel ved digitale tidslinjer, bildeforteljingar og ”fagblogg”.
Forholdet mellom teori/praksis:
Studentar som tar faget som del av allmennlærarutdanninga, har skolepraksis iflg praksisplanen ved Efl. Studentar med godkjend lærarutdanningspraksis skriv ei fagdidaktisk oppgåve i skolepraksisperioden.
Vurderingsformer
Studiet har former for vurdering:
Undervegsvurderinga består av tilbakemeldingar på ein refleksjonstekst knytt til sjølvvald-oppgåve og ei munnleg framføring, i tillegg til meir uformelle tilbakemeldingar.
Refleksjonsteksten skal leverast inn tidleg i semesteret og er ein tekst der du reflekterer over problemstillinga i bacheloroppgåva. Den blir vurdert til bestått/ ikkje bestått og er eit obligatorisk arbeidskrav og eit vilkår for å bli oppmeldt til eksamen. Du vil få nærmare retningslinjer for teksten.
Den munnlege framføringa blir vurdert til bestått/ ikkje bestått og er eit obligatorisk arbeidskrav og eit vilkår for å bli oppmeldt til eksamen.
Arbeidskrav i haustsemesteret svarer til 15 sp.
Sluttvurderinga består av eit sjølvald fordjupingsarbeid eller BA-oppgåve som tilsvarar 5 st poeng og ei skriftleg sluttprøve. Sjå retningslinjer for BA-oppgåve.
Skriftleg sluttprøve. Målet med denne prøva er å måle dei norskfaglege kunnskapane og ferdigheitene som du har tileigna deg i studiet. Prøva vil bli organisert som ein vanleg eksamensdag på 6 timar og tel 60% av sluttkarakteren.
Krav til målform. BA-oppgåva og refleksjonstekst skal skrivast på den målforma du ikkje nyttar på sluttprøva.
Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter. Du må ha bestått både oppgåve og sluttprøve for å få ein samla karakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kirsti-Nina Frønæs <Kirsti-Nina.FronasSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Nina Holmberg Lurås - 21.01.2010