British Literature and Culture 1600-1950 2002

Læringsmål

Emnet, som kan takast før, etter eller uavhengig av emne 2001 Introduction to British Studies, har som målsetting å gje studentane ei brei innføring i britisk litteratur og kultur i perioden fram til 1950.

Innhold

Primærtekstane vil bli henta frå renessansen, opplysningstida, romantikken, victoriatida og modernismen, med særlig vekt på dei to siste periodane. Tekstutvalet vil omfatte både sakprosa, skjønnlitterær prosa, drama og dikt. Storbritannia gjekk i heile denne perioden gjennom store omveltingar, og utvalet av tekstar vil så langt det er råd prøve å fange opp dei endringsprosessane som etterkvart gjorde landet til den leiande supermakta i verda.

Organisering

Forelesningar og seminar. Fire timar i veka. Vårsemesteret.
Forelesingane vil gje bakgrunn og oversyn over større emneområde, medan seminarundervisninga vil legge vekt på å aktivisere studentane i munnleg bruk av engelsk og å diskutere enkelttekstar frå pensum. Som del av undervegsvurderinga vil og studentane arbeide med skriftlege innleveringar og/eller munnlege framføringar. Eventuell prosjektoppgåve som erstattar studieopphald i York, vil bli lagt til dette emnet.
Det er krav om minst 80 % frammøte på seminara.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil omfatte prøver og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande munnleg eller skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må være bestått for å få bestått karakter i emnet.

Eventuell prosjektoppgåve som erstattar studieopphald i York skal vere bestått for å få sluttkarakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 24.02.2010