Ecophilosophy 2606
Læringsmål
Kurset i økofilosofi er like mykje retta mot livsfilosofi som naturfilosofi. Det byggjer på ei økosentrisk (livssentrert) tilnærming som ser på samanhengen mellom natur, kultur og sjølvet, ein kan også seie i tilhøvet mellom stad, lokalsamfunn og individ. Dette vil det bli sett på i tre delar:
1) Tilhøvet mellom natur, kultur og sjølvet i vestleg filosofi og samfunn
2) Djupøkologi og økosofi
3) Ulike tema
Innhold
Før det fyrste vil emnet gje ei idehistorisk innføring i tilhøvet mellom natur, kultur og sjølvet, men ein vil også sjå dette i høve til andre kulturar. For det andre vil emnet sjå nærare på den internasjonale djupøkologiske rørsle, som søkjer å gå djupt for å forstå årsakane til den økoøogiske krisa.Studentane skal også få høve til å utvikle sin "eigen" økosofi, som går på samanhengen mellom: 1) korleis dei ser og tenkjer om tilhøvet mellom natur, kultur og sjølvet, og 2) korleis dei lever (livsstil). Denne samanhengen vil bli problematisert og ulike tilnærmingar vil bli drøfta. Fordet tredje vil vi kaste lys over økofilosofiske og etiske problemstillingar knytt til fleire område, slik som friluftsliv, økofeminisme, bruk/vern av natur, kulturelle landskap, bioregionalisme, pedagogikk, økonomi, politikk og berekraftig utvikling.
Organisering
Fortelesingar og seminar. Oppmøte og deltaking er svært viktig.
Vurderingsformer
To korte oppgåver som tel 25% kvar (til saman 50%) og munnleg eksamen som tel 50% av samla karakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Judith Torvik <judith.torvikSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Judith Anne Mc G Torvik - 08.03.2010