Examen Philosophicum 3524
Læringsmål
Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i den tenkemåte og refleksjon som karakteriserar akademisk og fagleg verksemd og utdanning på høgskole- og universitetsnivå. I denne samanhengen skal faget kaste lys over føresetnader og avgrensingar for vitskapleg tenkemåte.
Innhold
Examen philosophicum skal, gjennom studiet av filosofi- og vitskapshistorie og av etisk-teoretiske emne og problemstillingar, ta for seg dei generelle problemstillingane om virkelighet, kunnskap og menneske som har prega vår tradisjon og dermed vore bestemmande for Vestens tenking generelt.
Studentane vil her få ei innføring i sentrale filosofiske problemstillingar frå den greske antikken frem til nyare tid. Det vil bli lagt vekt på å vise korleis den filosofiske tenkinga består av ein systematisk refleksjon over fundamentale spørsmål utan klare svar, og at filosofien derfor har karakter av ein kontinuerlig debatt der det ikkje er svara, men spørsmåla og argumentasjonen som gjer det til ein filosofisk debatt. Ved å få innblikk i denne debatten, vil studentane kunne utvikle si evne til refleksjon over tema som har ei grunnleggande innverknad innanfor ulike virkelighetsområde - slik som vitskap, religion, etikk og politikk. Samtidig vil dei kunne få eit meir reflektert tilhøve til dei omgrepsmessige føresetnadene som ligg til grunn for dominerande tenkemåtar i den vestlige kulturen. Grunnleggande problemstillingar innanfor metafysikk/ontologi, erkjenningsteori, etikk, naturfilosofi og religionsfilosofi vil bli behandla.
Organisering
Forelesningar og seminar, 3 - 4 undervisningstimar i veka.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller innleveringar som til saman tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 09.09.2010