Fransk I 2707
Læringsmål
Målet med emnet er å gje ei grunnleggande innføring i moderne fransk språk, slik at studentane etter gjennomført emne skal kunne føre daglegdagse samtalar på fransk og lese og skrive fransk på eit elementært nivå. Emnet skal også leggje til rette for studentanes fyrste møte med samfunnstilhøve og kultur i Frankrike.
Innhold
Emnet er eit elementært og intensvit språkkurs i eit omfang på 10 studiepoeng, lokalisert til Frankrike. Emnet skal gje grunnleggande dugleik i fransk Emnet passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i fransk frå vidaregåande skole eller liknande, men det kan også fungere som eit frittståande grunnopplæring i språket. Kurset blir avvikla over 12 veker, med hovudtyngda på dei fire første vekene. Forelesingar og gruppearbeid.
Organisering
Forelesingar og seminar ca 60 timar forelt på 12 veker. Evalueringar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom i emnet. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.
Vurderingsformer
Eksamenen er todelt: 1) Ei munnleg prøve, med ei samtale på fransk om emne som er gjennomgått i kursboka, og høgtlesing frå og samtale om tekster på fransk. 2) Ei skriftleg prøve på 3 timar. Den munnlege og skriftlege delen av eksamen tel kvar 50 % av endeleg resultat. Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i i heile innføringskurset. Det blir gitt graderte karakterar frå A til F. E er lågaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 11.01.2011