Innføring i metode 2585
Læringsmål
Undervisninga legg særleg vekt på å førebu studentane for arbeidet med hovudoppgåva.
Innhold
I dette emnet blir det gitt ei innføring i ulike vitskaplege metodar i humanistiske og samfunnsvitskaplege kulturstudiar.
Følgjande delemne er aktuelle:
Ulike forskningstradisjonar, utarbeiding av prosjektomtale, vitskaplege modellar, tilhøvet mellom teori og empiri, tekstanalyse, historisk kjeldegransking, kvalitativt intervju, deltakande observasjon, grunnleggjande kvantitativ metode og oppgåveskriving.
Organisering
Forelesning, seminar og praktiske øvingar, inntil 30 timar.
Det vert gjennomført praktiske øvingar som del av kurset.
Vurderingsformer
Innlevering av skriftleg arbeid undervegs i emnet som tel 40%. Emnet avsluttast med individuell skriftleg eksamen på 4 timar som tel 60 % av sluttkarakter. Båe eksamensdelar må vere bestått for å få endeleg karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 09.09.2010