Kulturpolitikk I 3317
Læringsmål
Studenten skal tileigne seg eit oversyn over det kulturpolitiske feltet og framveksten av den moderne kulturpolitikken, samt oversyn over dei fremste internasjonale aktørane på kulturfeltet. Studenten skal kunne analysere korleis samfunnspolitikken påverkar ressursfordeling i kulturlivet.
Innhold
Kurset skal gje ein oversikt over det kulturpolitiske feltet, med vekt på aktuell kulturpolitikk. Gjennom brei presentasjon av kunstfeltet, friviljuge organisasjonar og kulturindustrien, skal ein drøfte aktuelle kulturpolitiske problemstillingar, visjonar og ideologiane bak. Sentrale tema er:
- Kulturomgrep, kulturpolitiske ideologiar og målsettingar
- Framveksten av ein offentleg kulturpolitikk
- Fritid, kulturforbruk, delkulturar
- Offentlege kulturorgan, interesseorganisasjonar og kulturpolitiske verkemiddel
- Kunsten i samfunnet: institusjonar, profesjonar, publikum og formidling
- Dei friviljuge organisasjonane i kulturlivet
- Kulturøkonomiske emne
- Norsk kulturdebatt
- Nordisk og internasjonal kulturpolitikk (UNESCO, Europarådet m.m.)
Organisering
Forelesingar, fagturar, seminar, skriftlege og munnlege øvingar knytt til forelesingane.
Det vil vere ein obligatorisk fagtur i regionen. I emnet er det lagt inn ein vekes praksis på eit kommunalt kulturkontor. Studenten skal skrive ein rapport i etterkant av opphaldet.
Vurderingsformer
Ei obligatorisk skriftlig oppgåve som tel 30 % av samla karakter. Skriftleg individuell 4-timars eksamen som tel 70 %. Graderte karakterar. Både oppgåve og slutteksamen må være stått for å få stått karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 09.09.2010