Kulturvern 208
Læringsmål
Studenten skal utvikle ei heilskapleg forståing av kulturvernet sin plass i samfunnet og kunne gjere greie for politikk og organisering på kulturvernfeltet. Studenten skal kjenne dei sentrale kulturvernområda og samanhengar mellom materiell og immateriell kultur. I tillegg skal studenten ha kunnskap om formidling innafor området og vite kva rolle kulturvernet har i andre sektorar.
Innhold
Fordjupingsemnet er sett saman av:
Tilhøvet mellom immaterielt og materielt kulturvern
Offentleg kulturvern
Museum, arkiv og kulturminnevern
Det friviljuge kulturvernarbeidet
Formidling på kulturvernfeltet
Lovverk og forvaltning
Kulturvernet si rolle på ulike nivå i samfunnet
Historisk framvekst, utvikling og etikk
Legitimering og forståingsmåtar
Offentlege styringsdokument og rammer for kulturvernfeltet
Organisering
Forelesingar og seminar over to semester, fagturar, framleggingar av skriftleg arbeid for godkjenning og munnlege øvingar.
Obligatorisk deltaking på alle fagturar. Delar av undervisninga er obligatorisk. Dette blir det opplyst om ved starten av kurset. Ved manglande frammøte må studenten skrive ein rapport som tek føre seg det aktuelle emnet.
Frå hausten 2011 kjem emnet til å bli obligatorisk og redusert til 10 sp.
Vurderingsformer
Obligatorisk skriftleg oppgåve som tel 40 % av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 60 %. Graderte karakterar. Både oppgåve og slutteksamen må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>,Hallgrim Høydal <hallgrim.hoydalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 09.09.2010