Kunsthistorie 3312
Læringsmål
Studenten skal tileigne seg grunnleggande kunnskapar om og forståing for norsk og europeisk bildekunst og arkitektur dei siste 250 åra. Det blir lagt vekt på sentrale epokar og retningar innan ulike kunstartar, og ein legg vekt på å sjå på forma og innhaldet i kunstverket i lys av kulturelle og samfunnsmessige føresetnader.
Innhold
Emnet gir ei fyrste innføring i norsk og europeisk kunsthistorie i tida frå 1750 og fram til vår tid. Det omfattar følgjande hovudtema/-delar:
· Framveksten av institusjonen kunst
· Sentrale epokar og retningar i kunstartane bildekunst, kunsthåndverk og arkitektur, og med eit blikk på folkekunst, musikk og litteratur
· Kunsten og kunstnaren si rolle i samfunnet
· Sentrale teoriar om bildeanalyse
· Norsk kunst- og kunstnarpolitikk
Organisering
Forelesningar, gruppearbeid og fagturar. Til emnet er det knytt obligatoriske arbeidskrav som skal vurderast til stått/ikkje stått.
Vurderingsformer
Obligatorisk heimeoppgåve som tel 30 % av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 70 %. Graderte karakterar. Både heimeoppgåve (30%) og slutteksamen (70%) må vere stått for å få stått i emnet.Obligatoriske arbeidskrav må være godkjent for å få godkjent emnekarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bente Støa <Bente.StoaSPAMFILTER@hit.no> - 18.02.2010