Norsk litteratur etter 1900 for internasjonale studentar 2613

Læringsmål

Studentane skal få innsikt i sentrale sider ved norsk litteratur og norsk litteraturhistorie frå ca. 1900 til i dag. Pensum består av verk og kortare tekstar frå perioden, og av litteraturhistorie, litteraturteori og metode. Dei skal legge opp eit eige emne innanfor den nyaste litteraturen.

Innhold

Norsk litteratur etter 1900.

Organisering

Vårsemestret, om lag 7 veketimar i 15 veker. Forelesing, seminar og gruppeøvingar.

Vurderingsformer

Individuell heimeoppgåve, som blir gjennomført som ei 6 timars dagsprøve med hjelpemiddel. Heimeoppgåva skal skrivast på engelsk og tel 50 % av karakteren. 5 timars sluttprøve, som skal skrivast på norsk, med ordbøker som tillatne hjelpemiddel. Sluttprøva tel 50 % av karakteren. Det krevst ståkarakter på både oppgåva og sluttprøva.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no> - 11.03.2010