Reportasjejournalistikk, ei innføring 2741

Læringsmål

Emnet skal gje praktisk og teoretisk innsikt i reportasjen som journalistisk metode og sjanger. Studentane skal gjennom semesteret utvikle sine evner til å fortelje levande historier gjennom tekst, og presentere dei i journalistisk reportasjeform. Emnet skal gje teoretisk kunnskap som grunnlag og tryggleik i det praktiske arbeidet, og gjennom respons på konkrete arbeid stimulere språk- og stilkjensle, kreativitet og formidlingsevne. Emnet passar for studentar som er interesserte i å fortelje historier gjennom tekst, og som ønskjer å utvikle desse forteljarevnene.

Innhold

Emnet skal gje ei grunnleggande praktisk og teoretisk innføring i reportasjejournalistikk. Det praktiske arbeidet vil utgjere hovuddelen av studiet. Studentane skal gjennom undervisning, praktiske oppgåver og rettleiing/respons få auka kompetanse om grunnleggande journalistisk arbeid. Gjennom praksisen skal studentane opparbeide seg ei grundig forståing av kva reportasjejournalistikk går ut på. Sentrale tema vil vere idéutvikling, observasjon som metode, kjeldearbeid, kjeldekritikk, vinkling, språk, forteljarteknikkar, skrivestil og dramaturgi.

Den journalistiske praksisen bygger på innføringar i journalistisk og medievitskapleg teori som grunnlag for forståing av journalistikkens samfunnsrolle og innhald. Teorien skal vise igjen i studentarbeida.

Teoripensumet inkluderer pressa si samfunnsrolle, eigarskapsforhold, journalistrolla, presseetikk, representasjon og kjeldekritikk. Studentane får også kjennskap til relevante analyseverktøy som sjangerteori, semiotikk og retorikk for å utvikle eit skarpare blikk på journalistikkens visuelle og språklege innhald. Kjennskap til ulike analysestrategiar og auka forståing for mediert kommunikasjon skal gje innsikt i og forståing for kva som pregar pressa sin meiningsproduksjon og journalistiske røyndomsbilete, og gjere studentane tryggare i utviklinga av eigen formidlingspraksis gjennom semesteret.

Pensum i journalistisk teori – 930 sider

Allern, Sigurd (2000), Kap 9 «Nyhetsmediene og PR bransjen» i von der Lippe, Berit og Odd Nordhaug (red.) Medier, påvirkning og samfunn, ISBN: 9788271472108, Oslo: Cappelen (19 sider)

Allern, Sigurd (2001a), Kap. 10: «Kildene og mediemakten» i Eide, Martin (red.), Til Dagsorden!, ISBN: 9788205281202, Oslo: Gyldendal Akademisk Forlag, (s.273-304, 31 sider)

Allern, Sigurd (2001b), kapittel 1, 2, 5, 8 og 9 i Nyhetsverdier. Om markedsorientering og journalistikk i ti norske aviser, ISBN: 82-7147-210-0, Kristiansand: IJ-forlaget (s. 15-70, 101-140 og 161-207, 140 sider)

Brurås, Svein (2006 [2006]), kap 2, 3, 6,7 og 8 i Etikk for journalister, 3. utgave, ISBN: 978-82-450-0425-0, Bergen: Fagbokforlaget (s. 16-50, s. 122-276, 188 sider)

Eide, Elisabeth (red.) (2001) «Der nede – der ”de andre” er» i ”De der nede”. Reportasjer utenfor allfarvei, ISBN 978-8271-472-139, Kristiansand: IJ-forlaget (s. 9-41, 32 sider)

Eide, Martin (2001), Kap. 1: «Journalistisk makt. Et oppslag» i Eide, Martin (red.), Til Dagsorden!, ISBN: 9788205281202, Oslo: Gyldendal Akademisk Forlag (s. 13-59, 46 sider)

Figenschou, Tine Ustad (2004), «Fra ofre til heltinner? Innvandrerkvinner i norske medier» i Jahr, Erika (red.) Kjønn og journalistikk i mediene, ISBN: 82-7147-265-8, Fredrikstad: IJ-forlaget (side 33-55, 22 sider)

Gripsrud, Jostein (2007 [1999]), Del 2 «Perspektiv på medienes tekster» og kapittelet «Offentlighet og demokrati: idealer og realiteter» i Mediekultur, Mediesamfunn, ISBN: 978-82-15-01210-0, Oslo: Universitetsforlaget (s. 107-222 og s. 229-267, 134 sider)

Hågvar, Yngve Benestad (2007), «Her leter VG etter en god historie» i Å forstå avisa. Innføring i praktisk presseanalyse, ISBN: 978-82-450-0467-0, Bergen: Fagbokforlaget (s. 41-106, 65 sider)

Kjendsli, Veslemøy (2008), kap 1,2,3 og 10 i Rett på sak! Lærebok i praktisk journalistikk, ISBN 978-827147-318-1, Kristiansand: IJ-forlaget (s17-65 og 185-221, 84 sider)

Roksvold, Thore (1996), «Riss av norske avisers sjangerhistorie» i Thore Roksvold (red.) Avissjangrer over tid, ISBN: 82-7147-171-6, Fredrikstad: Institutt for journalistikk (s. 9-107, 95 sider)

Lynggard, Trine (2004)«”De strømmer til Oslo for å selge kroppen sin”. Kjønn og makt i mediedekningen av prostitusjon og trafficking» i Jahr, Erika (red.) Kjønn og journalistikk i mediene, ISBN: 82-7147-265-8, Fredrikstad: IJ-forlaget (side 55-69, 14 sider)

Ottoson, Rune, Lars Arve Røssland, Helge Østbye (2002), kapitlene Avpolitisering og kommersialisering og Mot tusenårsskiftet i Norsk Pressehistorie, ISBN: 9788252157505, Oslo: Det Norske Samlaget, (60 sider)

Pensum i praktisk reportasjejournalistikk – 820 sider

Steensen, Steen (2009), Stedets sjanger; Om moderne reportasjejournalistikk, Kristiansand: IJ-forlaget

Featherstone, Sue & Susan Pape (2005), kap. 8, 9 og 10 i Newspaper Journalism. A practical Introduction, ISBN: 0-7619-4328-5, 0-7619-4329-3, London: SAGE Publications (s. 115-164, 49 sider)

Hansén, Stig og Clas Thor (1990), Att skriva reportage, ISBN10: 9173246719, ISBN13: 9789173246712, Stockholm: Ordfronts forlag (279 sider)

Hvid, Mikkel (2002), «Fascinerende fortælling. Den journalistiske feature», ISBN 9788791620478, Århus: Center for Journalistikk og Efteruddannelse (112 sider)

Kjendsli, Veslemøy (2008), kap. 5, 6, 7 og 8 i Rett på sak! Lærebok i praktisk journalistikk, ISBN 978-827147-318-1, Kristiansand: IJ-forlaget (s. 81-161, 80 sider)

Østlyngen, Trine, og Øvrebø, Turid (1999), kap 6, 7 og 8 i Journalistikk: metode og fag, ISBN 978-82-417-1127-5, Oslo: Ad notam Gyldendal (side 179-320, 141 sider)

Aarønæs, Lars (2006) [1998], Pressespråket. Oppslagsbok for journalister og andre skribenter, ISBN 978829 2218099, Oslo: Komma.no (160 sider)

Til saman 1 750 sider

Organisering

Undervisninga vil vere samansett av førelesingar og seminar. Teoriundervisninga vil for det meste bli gjeve som reine førelesingar. Førelesingar vil det også bli i reportasjeundervisninga, men her vil læringsprosessen i større mon gå føre seg i grupper med praktisk opplæring i journalistisk metode, gjennomføring av praktiske oppgåver og rettleiing og tilbakemelding i tilknyting til studentarbeida.

Ved semesterstart får studentane ei praktisk oppgåve for å få ei forståing av kva journalistisk arbeid handlar om, før ein periode med undervisning som legg vekt på journalistisk teori. Deretter vil undervisning fokusere på reportasjearbeidet. Her blir det lagt opp til verkstadundervisning der studentane arbeider med eigne tekstar/reportasjar i samarbeid med andre studentar.

Reportasjeundervisninga er todelt, med ein del som gjev studentane innføring i problemstillingar knytte til journalistisk praksis, og ein produksjonsorientert del, der studentane skal utvikle og elte eigne journalistiske tekstar fram mot meir ferdige reportasjar. Etter kvar innlevering får studentane merknader frå lærar og/eller medstudentar i seminargruppene. Desse diskusjonane skal opne for innsikt om eigen skrivestil, slik at studentane blir sette i stand til å identifisere styrkar og veikskapar i eigne tekstar, med høve til kontinuerleg omskriving og forbetring.

Det er obligatorisk for studentane å vere til stades på førelesingane, gjennomføre alle øvingar som inngår i studiet og delta aktivt på seminar og gjennomgang av tekstar/reportasjar. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.

Tidsomfang: 12 veker

Vurderingsformer

Når perioden med teoriundervisning er over, vil det bli gjeve ein individuell to-timars skuleeksamen i teori. Resultatet vil bli vurdert til greidd/ikkje greidd.

Gjennom praksisperioden skal studentane også levere ei mappe med arbeid, og arbeidsomfanget skal normalt liggje på fire innleveringar gjennom semesteret. Føremålet med mappevurderingane er å stø opp under ein læringsprosess der studentane skal få jamn og relevant trening i og tilbakemelding om det faglege innhaldet dei skal prøvast i på slutteksamenen, og der ein samstundes kan få ei oppfatning om den faglege progresjonen for den enkelte gjennom semesteret.

Mappeinnleveringane blir kontinuerleg vurderte av faglærar, med sluttvurderinga greidd/ikkje greidd. Alle oppgåver som krevst til mappa skal leverast innan oppsette fristar. Studentane har i alt tre freistnader på å få ei innlevering vurdert som greidd.

Føresetnaden for å kunne gå opp til slutteksamen er at både den individuelle teorieksamenen og mappeinnleveringa er vurderte til greidd-resultat.

Slutteksamenen er sett saman av ein praktisk heimeeksamen som tel 50 prosent, og ein teoretisk refleksjonsrapport som tel 50 prosent av sluttkarakteren.

Den praktiske heimeeksamenen går over fem dagar, og skal prøve studentane i praktisk reportasjearbeid.

Den teoretiske refleksjonsrapporten går over tre dagar. Studentane skal her prøvast i korleis dei reflekterer over si eiga gjennomføring av reportasjearbeidet, og korleis dei evnar å drøfte erfaringane sine på bakgrunn av teoripensumet.

Ved vurdering av slutteksamenane blir det nytta bokstavkarakterar frå A til F, med E som lågaste greidd-karakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 17.06.2010