Innføring i Indonesisk 2713

Læringsmål

Målet med kurset er å gje ei grunnleggande innføring i moderne indonesisk språk, slik at studentane etter gjennomført kurs skal kunne forstå og gjere seg forstått i daglegagse samtalar på indonesisk og lese og skrive indonesisk på eit elementært nivå. Kurset skal også leggje til rette for studentanes fyrste møte med samfunnstilhøve og kultur på Bali og i Indonesia

Innhold

Emnet er eit elementært og intensivt språkkurs i eit omfang på 5 studiepoeng, lokalisert til Bali. Kurset skal gje grunnleggande dugleik i indonesisk. Kurset passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i indonesisk frå før.

Organisering

Forelesingar og seminar ca. 60 timar fordelt på 12 veker. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.
Evalueringar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom gjennom kurset.

Vurderingsformer

Eksamenen er todelt:

1) Ei munnleg prøve på inntil 20 min, med ei samtale på indonesisk om emne som er gjennomgått i kurset, og høgtlesing frå og samtale om tekster på indonesisk.
2) Ei skriftleg prøve på 3 timar.

Den munnlege og den skriftlege delen av eksamenen tel kvar 50 prosent av endeleg resultat. Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile innføringskurset.

Det blir gjevne graderte karakterar frå A til F. E er lågaste ståkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 24.02.2010