Generell kjemi 4101

Læringsmål

Etter fullføring skal studentane kunne vurdere problem av generell kjemisk natur. Vidare skal dei kunne gjennomføre enklare kjemiske utrekningar og laboratorieanalysar. Emnet skal gi grunnlag for å forstå mange av dei kjemiske prosessane som skjer ute i naturen.

Innhold

Følgjande tema blir gjennomgått:

Støkiometri, gassar og kjemiske likevektar
Atomstruktur, kjemiske bindingar og intermolekylære krefter
Lewis-notasjon og VSEPR-teori
Syrer og basar, bufferar, titrering og løysingsevne
Termokjemi
Elektrokjemi
Fasediagram, løysingar og kolligative eigenskapar
Reaksjonsfart.
Laboratoriekurset inneheld øvingar av generell kjemisk karakter og analysar av stoff frå naturen og dagleglivet

Organisering

55 timar forelesingar, 20 timar rekneøvingar.
Obligatorisk: 27 timar laboratorieøvingar og 22 timar kollokvium.

Utgifter til laboratoriefrakk: Ca. 400 kroner.

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar på to delprøver. Ei midtprøve (4 timar) tel 50 % og ei sluttprøve (4 timar) tel 50 % av endeleg eksamenskarakter. Rapportar til laboratorieøvingane skal vere godkjend for å få godkjent vurdering i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bjørn Steen <bjorn.steenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 12.03.2010