Vanntema 4323
Læringsmål
Dette emnet er eit vidaregåande kurs i vatn, og inkluderer overflatevatn og grunnvatn. Gjennom dette kurset skal studentane kunne handtere oppgåver innan vatn på eit høgt nivå. Emnet fokuserer på handtering av vassressursar, matematisk modellering, kjemiske og mikrobielle prosessar eller teknologi for rensing av vatn. Problemstillingar knytta til implementering av EU's vanndirektiv vil være eit aktuelt emne.
Innhold
Innhaldet i emnet vil bli avgjort etter behov. Eitt år kan det vere eit emne i grunnvannsmodellering, eitt anna år eit emne om vasskjemi eller andre av dei emna som er nemnde før. Gjennomføringa vil vere ei blanding av forelesingar, lab- og feltarbeid, øvingar og kollokviar med gjennomgang av aktuelle artiklar.
Organisering
70 timar forelesingar, kollokviar, øvingar, lab- og feltarbeid.
Vurderingsformer
Ved slutten av semesteret skal studentene levere inn eit prosjektarbeid (i grupper) frå det aktuelle emnet; dette vert vurdert med karakter (100%).
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Synne Kleiven <Synne.KleivenSPAMFILTER@hit.no> - 19.10.2009