Politikk og samfunn i antikkens Roma 3361
Læringsmål
Emnet skal leggje til rette for ei djupare og meir problematiserande forståing av romersk samfunnsliv, politikk og imperialisme enn ein til vanleg får i oversynspensum.
Innhold
I dette emnet går ein djupare inn i tema som romersk imperialisme, økonomi og samfunn, romersk politikk i seinrepublikken og kristendommen. Romersk imperialisme betydde at ein liten bystat forandra seg til eit verdsrike som bestod i mest tusen år. Sentralt i emnet er måten romarane gjekk fram på politisk og militært i tilhøvet sitt til andre, og vi ser på samanhengen mellom imperiebygginga og det romerske samfunnet. Kjeldeutdrag skal vise oppfatningar og vurderingar i datida og vi skal sjå korleis moderne historikarar ut frå forskjellig historiesyn og verdigrunnlag har bedømt den romerske imperialismen.
Organisering
Seminar og rettleiing. Organiseringsform kan variere.
Vurderingsformer
Avsluttande 5 timars individuell sluttprøve som tel 100%. Graderte karakterar
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 20.10.2009