Norsk 1 - Språkutvikling hos barn. Skrive- og leseopplæring NOR 102

Læringsmål

Norskfaget handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studenten til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng.

Studiet skal bygge på forsking. Det vil seia at utdanningsprogrammet vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).

Modul 1 og 2

- Studenten skal kunne leggje til rette for, gjennomføre og evaluere norskundervisning på ulike trinn frå 1.- 7. trinn og grunngje faglege val

- Studenten skal utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til utøvinga av eit norskfag der læringa til eleven står i sentrum

- Studenten skal utvikle eigne skriveferdigheiter innanfor ein akademisk og sakprega tradisjon og kjenne til samanhengen mellom skriving og læring

- Studentene skal utvikle eigne munnlege ferdigheiter som formidlar

- Studenten skal kunne vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium

- Studenten skal ha kunnskap om korleis ein kan leggje til rette for tilpassa opplæring på alle trinn

Modul 2

- Studenten skal ha kunnskap om korleis barn utviklar språk munnleg og skriftleg

- Studenten skal ha brei kunnskap om språk som system og språk i bruk

- Studenten har kunnskap om lese- og skrivestrategiar

- Studenten skal ha brei innsikt i teoriar om lese- og skriveopplæring med særleg vekt på begynnaropplæring

- Studenten skal ha kunnskap om fleirspråklegheit og andrespråkslæring

- Studenten skal kunne kartleggje lese- og skriveferdigheiter og gjennomføre relevante tiltak

Innhold

Norskfaget i 1-7 femnar om mange ulike emne retta mot elevar frå 1.-7.trinn i grunnskulen. Desse emna vil i ulik grad vere knytt til ein estetisk dimensjon, eksempelvis i form av arbeid med biletbøker, andre samansette tekstar, drama, teikning og skriftforming. Studentane skal få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåtar kan bli nytta i faget. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Modul 2 (15stp) – Språkutvikling hos barn. Skrive- og leseopplæring. Denne modulen er lagt til vårsemesteret første studieår.

Denne modulen vil rette fokus mot språk, grammatikk og begynnaropplæring. Du vil få kunnskap om korleis barn utviklar språket sitt og korleis det munnlege språket dannar grunnlaget for å tileigne seg lese- og skriveferdigheiter. Teori om lese- og skriveutvikling hos barn vil utgjere ein vesentleg del av denne modulen. Vidare er det avgjerande å kjenne til metodar innafor lese- og skriveopplæring samt ha kjennskap til ulike språkstimulerande tiltak.

Du vil i denne modulen bli kjent med elevane sine fyrste tekstskapingsforsøk og sjå utviklinga fram mot heile tekstar. Elevtekstvurdering er ein sentral del av studiet. Lese- og skriveopplæring for elevar med norsk som andrespråk krev kjennskap til språktypologi.

I all begynnaropplæring er kreativitet og gode språklege førebilete vesentleg. Difor vil element som munnleg forteljing, rim og regler, høgtlesing og estetiske tilnærmingsmåtar også bli lagt vekt på i modul 2.

Organisering

Studiet går over to semester med eksamen etter første og andre semester. Heile studiet er kvantifisert til 30 studiepoeng. Arbeidsmengda er lik i dei to semestera. Modul 1 og 2 byggjer på kvarandre.

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Classfronter og individuell rettleiing, m.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon knytt til dei fastsette måla for faget.

Det same gjeld for studentar som følgjer eit nettbasert løp. Førelesingar vil her bli gjennomført i sann tid på nett. Samlingar på studiestaden og kommunikasjon mellom faglærar og studentar på nettet vil og vere viktige møteplassar. Det vil bli oppretta diskusjonsgrupper og fellesdokument, og det vil bli lagt ut fagstoff. I eit nettbasert studium er det opplagt å fokusere ekstra på å bruke digitale verktøy til å fremme læring innafor norskfaglege rammer.

I norskfaget er det viktig å skrive og produsere tekst. Studenten skal samle oppgåvesvar og tekstar i ei digital arbeidsmappe. Målet med mappearbeid er at ein kan arbeide vidare med tekstane over tid.

Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument som presiserer innhald, kva som er obligatorisk og den praktiske gjennomføringa av semesteret.

I løpet av studieåret vil du også få fleire norskfaglege oppgåver knytt til praksis.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering.

Undervegsvurderinga i modul 2 består av tre obligatoriske portar. Desse må du passere for å kunne bli oppmeldt til eksamen og få ei sluttvurdering. Portane blir vurdert til bestått/ikkje bestått.

Port 1. Innlevering av mappetekstar (individuelle og minst ein gruppetekst). Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar, medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Arbeidsmappa må innehalde ei viss mengd tekstar, før du får gå opp til eksamen i fyrste og andre semester (modul 1 og 2). Mappa skal ha om lag like mange tekstar på nynorsk og bokmål.

Port 2. Tverrfagleg prosjekt om emnet ”Vurdering”. Norskfaget vil delta i gjennomføringa av minst eitt tverrfagleg eller fleirfagleg prosjekt. Nærare kriterium vil bli gitt i semesterplanen. Prosjektet vil vere knytt til praksis (modul 2).

Port 3. Obligatorisk prøve i språkkunnskap. Du vil bli prøvd i grunnleggjande språkkunnskap, knytt til emne som begynnaropplæring i lesing og skriving, grammatikk og elevtekstanalyse (modul 2).

Sluttvurdering etter modul 2: Innlevering av ein individuell, rettleidd og forbetra mappetekst på nynorsk. For fritak sjå forskrift §5. Nærare presisering blir gitt ved studiestart. Denne eksamen blir vurdert med ein gradert karakter på vitnemålet gradert frå A til E.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kirsten Linnea Kruse <kirsten.l.kruseSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Nina Holmberg Lurås - 04.06.2010