Norsk 1 - Munnlege, skriftlege og samansette tekstar NOR 101
Læringsmål
Norskfaget handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studenten til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng.
Studiet skal bygge på forsking. Det vil seia at utdanningsprogrammet vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).
Modul 1 og 2
- Studenten skal kunne leggje til rette for, gjennomføre og evaluere norskundervisning på ulike trinn frå 1.- 7. trinn og grunngje faglege val
- Studenten skal utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til utøvinga av eit norskfag der læringa til eleven står i sentrum
- Studenten skal utvikle eigne skriveferdigheiter innanfor ein akademisk og sakprega tradisjon og kjenne til samanhengen mellom skriving og læring
- Studentene skal utvikle eigne munnlege ferdigheiter som formidlar
- Studenten skal kunne vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium
- Studenten skal ha kunnskap om korleis ein kan leggje til rette for tilpassa opplæring på alle trinn
Modul 1
- Studenten skal ha kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving og munnleg forteljing kan ha for elevars utvikling og læring hos elevar
- Studenten skal ha kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar i ulike sjangrar og medium
- Studenten skal kunne leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar og utviklar leselyst og gode lese- og skrivestrategiar
- Studenten skal kunne analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
- Studenten skal kunne leggje til rette for møte med tekstar på dansk og svensk, både munnlege og skriftlege, og samiske og utanlandske tekstar i omsetjing
- Studenten skal kunne legge til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- Studenten skal kunne ta i bruk digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere digitale samansette tekstar
Innhold
Norskfaget i 1-7 femnar om mange ulike emne retta mot elevar frå 1.-7.trinn i grunnskulen. Desse emna vil i ulik grad vere knytt til ein estetisk dimensjon, eksempelvis i form av arbeid med biletbøker, andre samansette tekstar, drama, teikning og skriftforming. Studentane skal få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåtar kan bli nytta i faget. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Modul 1 (15stp.) – Munnlege, skriftlege og samansette tekstar. Denne modulen er lagt til haustsemesteret første studieår.
Denne modulen vil leggje vekt på arbeid med munnlege, skriftlege og samansette tekstar. Med utgangspunkt i retorikken vil studenten få reiskapar til å arbeide målretta med tilretteleggjing av elevarbeid innafor munnlege og skriftlege sjangrar.
Den vidare leseopplæringa vil få ein sentral plass i denne modulen med vekt på lese- og læringsstrategiar og ulike måtar å stimulere elevar til vidare lesing på eiga hand.
Det blir lagt stor vekt på litteraturen si tyding for utvikling av skriftspråkleg kompetanse hos barn og som bidrag til identitetsutviklinga. Difor vil arbeid med barnelyrikk, biletbøker og annan barnelitteratur stå sentralt. Også faglitteratur for barn har sin plass her. Val av litteratur vil vere prega av eit fleirkulturelt tilfang.
Studenten vil få innføring i analyse og vurdering av elevtekstar i ulike sjangrar og medium. I tekstskapinga til barn vil estetiske arbeidsmåtar som teikning, tolking av bilete og bruk av digitale verktøy inngå. Studiet legg og vekt på analyse av estetiske verkemiddel og samspel i samansette tekstar.
Organisering
Studiet går over to semester med eksamen etter første og andre semester. Heile studiet er kvantifisert til 30 studiepoeng. Arbeidsmengda er lik i dei to semestera. Modul 1 og 2 byggjer på kvarandre.
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Classfronter og individuell rettleiing, m.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon knytt til dei fastsette måla for faget.
Det same gjeld for studentar som følgjer eit nettbasert løp. Førelesingar vil her bli gjennomført i sann tid på nett. Samlingar på studiestaden og kommunikasjon mellom faglærar og studentar på nettet vil og vere viktige møteplassar. Det vil bli oppretta diskusjonsgrupper og fellesdokument, og det vil bli lagt ut fagstoff. I eit nettbasert studium er det opplagt å fokusere ekstra på å bruke digitale verktøy til å fremme læring innafor norskfaglege rammer.
I norskfaget er det viktig å skrive og produsere tekst. Studenten skal samle oppgåvesvar og tekstar i ei digital arbeidsmappe. Målet med mappearbeid er at ein kan arbeide vidare med tekstane over tid.
Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument som presiserer innhald, kva som er obligatorisk og den praktiske gjennomføringa av semesteret.
I løpet av studieåret vil du også få fleire norskfaglege oppgåver knytt til praksis.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering.
Undervegsvurderinga i modul 1 består av to obligatoriske portar. Desse må du passere for å kunne bli oppmeldt til eksamen og få ei sluttvurdering. Portane blir vurdert til bestått/ikkje bestått.
Port 1. Innlevering av mappetekstar (individuelle og minst ein gruppetekst). Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar, medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Arbeidsmappa må innehalde ei viss mengd tekstar, før du får gå opp til eksamen i fyrste og andre semester (modul 1 og 2). Mappa skal ha om lag like mange tekstar på nynorsk og bokmål.
Port 2. Obligatorisk seminar i munnleg forteljing med gruppeframføring (modul 1).
Sluttvurderinga etter modul 1 er ein individuell munnleg eksamen. Denne prøven tek utgangspunkt i emne frå pensum, frå tekstar i arbeidsmappa og/eller ukjend tekst. Nærare presisering blir gitt ved studiestart. Denne eksamen blir vurdert med ein karakter på vitnemålet gradert frå A til E.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kirsten Linnea Kruse <kirsten.l.kruseSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Nina Holmberg Lurås - 04.06.2010