Barndom og modernitet 2587
Læringsmål
Målsetjinga er å anvende fagperspektiva og det teoretiske stoffet frå innføringsemnet på eit avgrensa materiale. I kvart fordjupingsemne vil ein studere ein allmenn og aktuell tematikk tverrfagleg ut frå eit historisk perspektiv, eit estetisk (t.d. litterært) perspektiv og eit fortolkande samfunnsvitskapleg perspektiv. Den tverrfaglege tilnærminga blir fremja ved at faglærarar frå ulike fagtradisjonar formidlar felles stoff ut frå sine respektive fagtradisjonar.
Innhold
Tema i dette fordjupingsemnet er dei barndomshistoriske endringane som har skjedd dei siste to hundreåra innan den vestlege kulturkretsen, m.a. frå arbeidsbarndom til skolebarndom. Barndommen skal studerast som historisk fenomen og kulturell konstruksjon. Følgjande delemne er aktuelle:
- Barndomshistoriske endringar dei siste par hundreåra i europeisk kultur
- Det bildet som blir teikna av barn og barndom i idéhistoria og kunsten, særleg i diktinga, bildekunsten, media og samtidskulturen for øvrig
- Barns sosialisering og kognitive utvikling i ein samfunnsvitskapleg/kultursosiologisk kontekst.
Organisering
Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3-6 timar pr veke. Undervisninga går i vårsemesteret.
Vurderingsformer
Studentane skal levere eit skriftleg arbeid på grunnlag av pensum som tel 20 % av karakteren i emnet.
Sluttvurdering av fordjupingsemna skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt for det eine emnet, og ved munnleg eksamen for det andre emnet. Desse eksamensformene tel 80 % av samla karakter i fordjupningsemnet
Kandidatane bestemmer sjølve kva for eit fordjupingsemne dei vil prøveforelese i, men oppgåva blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 01.03.2010