Tale, skrift, bilde og lyd 2588
Læringsmål
Målsetjinga er å anvende fagperspektiva og det teoretiske stoffet frå innføringsemnet på eit avgrensa materiale. I kvart fordjupingsemne vil ein studere ein allmenn og aktuell tematikk tverrfagleg ut frå eit historisk perspektiv, eit estetisk (t.d. litterært) perspektiv og eit fortolkande samfunnsvitskapleg perspektiv. Den tverrfaglege tilnærminga blir fremja ved at faglærarar frå ulike fagtradisjonar formidlar felles stoff ut frå sine respektive fagtradisjonar.
Innhold
I dette emnet vil ein studere medieutviklinga, særtrekk av ulike kategoriar ved dei ulike media, særleg kva for uttrykksformer som er felles og spesielle ved dei ulike media, og korleis medieutviklinga påverkar menneskebilde, medvit og kulturformer. Tematikken blir studert både diakront og synkront, med retorikken og kritisk teori som samlande referanse.
Følgjande delemne er aktuelle:
- Tale, skrift og bilde - mediehistorie
- Karakteristika ved ulike medium - med vekt på deira ulike uttrykksmiddel og funksjonar
-
Samanhengen mellom medium og medvit - individualisme og kollektive
kulturmønster -
Mediekritikk - med utgangspunkt i den retoriske og humanistiske
tradisjonen
Organisering
Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3-6 timar pr veke. Undervisninga går i vårsemesteret.
Vurderingsformer
Studentane skal levere eit skriftleg arbeid på grunnlag av pensum som tel 20 % av karakteren i emnet.
Sluttvurdering av fordjupingsemna skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt for det eine emnet, og ved munnleg eksamen for det andre emnet. Desse eksamensformene tel 80 % av samla karakter i fordjupningsemnet
Kandidatane bestemmer sjølve kva for eit fordjupingsemne dei vil prøveforelese i, men oppgåva blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 01.03.2010