Kulturhistorisk analyse 2593
Læringsmål
Målsettinga med dette fordjupingsemnet er å gi studentane reiskapar til å forstå kultur i eit historisk perspektiv og til å kunne analysere kulturhistoriske problemstillingar og tematikkar. Det kulturhistoriske fordjupingsemnet er såleis delt i to med ein kulturhistoriografisk del (kulturhistorisk teori og metode) og ein tematisk del. På dette grunnlaget skal studentane få øving i å anvende den kulturhistoriske teorien i kulturhistorisk analyse. Fordjupingsemnet bygger vidare på pensum i historisk teori og metode frå innføringsemnet i kulturstudiar, som fordjupingsemnet skal tilpassast tematisk, teoretisk og metodisk.
Innhold
Ei faghistorisk hovudline i fordjupingsemnet vil vere å sjå på og identifisere kulturhistorie i ein allmenn historiografisk samanheng med vekt på trekk frå 1800-talet (historismen, det tyske historiske skole) og fram til den nye kulturhistoria på 1990-talet. Emnet vil legge vekt på dei historiske retningane som har gjort seg særleg gjeldande i kulturhistoriske studiar, så som mentalitets- og mikrohistorie, nyhistorisme og ‘kvardagshistorie’ (Alltagsgeschichte). Det blir lagt vekt på korleis den kulturelle vendinga verkar inn på teori- og metodegrunnlag i kulturstudiar, og, i samband med det, debatten om kva for erkjenningsmessige nyvinningar som kom ut av denne vendinga. Emnet vil også ta opp kva for typar kjeldemateriale det er aktuelt å arbeide med, frå skriftlege og munnlege kjelder til bilde og kunstuttrykk av forskjellig slag. Det blir også opna for å kombinere diakrone og synkrone analysar, bl.a. ved at aktuelle kulturelle kompleks, f.eks. migrasjon og etnisitet, blir forstått i eit historisk perspektiv. Ein vil også sjå kulturhistoria i samanheng med grunnleggande ide- og mentalitetshistoriske retningar så som opplysningstradisjonen og romantikken.
Den meir teoretisk delen av emnet vil bli supplert med ein del som er retta mot enkelttema som er analysert kulturhistorisk. Ei rekke tema er aktuelle å analysere kulturhistorisk, f.eks. kulturarv og tradisjonar, nasjonsbygging og nasjonalisme, kulturell og nasjonal identitet, migrasjon og kulturelle endringar, folkekultur og karneval, mentalitetar og emosjonalitet, dannings- og medvitsutvikling, Norge, Norden og Europa, Vesten og ‘Resten’ før og nå, globalisering og multikulturalisme i eit historisk perspektiv.
Organisering
Undervisningsforma i fordjupingsemnet er seminaraktig, med blanding av forelesingar og seminar, med 3-4 timar pr veke i eitt semester.
Vurderingsformer
Studentane skal levere eit skriftleg arbeid på grunnlag av pensum som tel 20 % av karakteren i emnet (midtvegsvurdering). Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Desse eksamensformene tel 80 % av samla karakter i fordjupningsemnet.
Alternativt kan emnet bli avslutta med ei skriftleg heimeoppgåve med 10 dagars innleveringsfrist på maks 15 sider (1,5 lineavstand) + litteraturliste og ev. vedlegg.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 02.03.2010