Masteroppgåve, kulturstudiar 2596
Læringsmål
Gjennom hovudoppgåva skal studenten få auka innsikt i kulturvitskaplege forskingsmetodar, og få erfaring med å nytte slike metodar sjølvstendig i eit konkret arbeid.
Innhold
Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Det bli halde masteroppgåveseminar med obligatorisk skriftleg og munnleg framlegging kvart semester. Etter val (eventuelt tildeling) av masteroppgåvetema skal kvar student levere ei prosjektbeskriving innan 15. februar første studieår. Prosjektbeskriving og oppgåvetema skal godkjennast av dei fagansvarlege ved studiet før det blir gjort rettleiingsavtale med studenten. Sidan tematikken i masteroppgåva skal vere av tverrfagleg karakter, vil det normalt vere to rettleiarar. Den ferdige masteroppgåva skal leverast innan 10. mai andre studieåret. Dei neste fristane for innlevering er 1. september og 10. januar. Både prosjektbeskriving og masteroppgåva skal leverast og registrerast i administrasjonen (avdelingskontoret).
Organisering
Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Det bli halde hovudoppgåveseminar med obligatorisk skriftleg og munnleg framlegging kvart semester. Etter val (eventuelt tildeling) av masteroppgåvetema skal kvar student levere ei prosjektbeskriving innan 15. februar første studieår. Prosjektbeskriving og oppgåvetema skal godkjennast av dei fagansvarlege ved studiet før det blir gjort rettleiingsavtale med studenten. Sidan tematikken i masteroppgåva skal vere av tverrfagleg karakter, vil det normalt vere to rettleiarar. Den ferdige masteroppgåva skal leverast innan 10. mai andre studieåret. Dei neste fristane for innlevering er 1. september og 10. januar. Både prosjektbeskriving og masteroppgåva skal leverast og registrerast i administrasjonen (avdelingskontoret).
Vurderingsformer
Vurdering skjer på grunnlag av innlevert oppgåve som kan bli justert etter ei obligatorisk munnleg prøving.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 05.03.2010