Norsk 2 - Språkleg eller litterær fordjuping NOR 504

Læringsutbytte

Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølv i ein større, fleirkulturell samanheng. I grunnskoleutdanninga for 5. til 10. trinn rettar norskfaget seg primært mot elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år. Å vere lærar for denne aldersgruppa krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.

Studenten skal etter arbeid med NOR 504 «Språkleg eller litterær fordjuping» ha fylgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten skal kunne

- drøfte korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk førstespråk og norsk som andrespråk

- greie ut om og bruke ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur

- greie ut om sakprosa, essay og sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og teoriar om samansette tekstar

- greie ut om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle og moderne medium, og kunne drøfte korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid

- greie ut om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Dugleikar

Studenten skal kunne

- setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hjå elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set

- rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon

- lese, analysere, tolke og vurdere tradisjonelle og samansette tekstar, og sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira

- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer

- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar

- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget

- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget

Innhold

Norsk 2 handlar om språk og tekst i fortid og samtid.

Modul 4 er ei fordjuping av dei emna som har blitt behandla i dei tidlegare modulane. Studentane skal arbeide meir teoretisk med litteratur og med problematiseringar omkring bruk av eldre litteratur i skulen, samstundes som emne knytt til ungdom og lesing blir tekne opp. Det å overføre litteratur til andre medium høyrer også med (adaptasjon). I modul 4 skal også studentane møte norskfagets historie, og få ei djupare innsikt i språkdidaktiske spørsmål.

I tillegg til dei felles emna i modulen skal studentane velje anten språkleg eller litterær fordjuping med eit sjølvvald fordjupingspensum.

Studiet skal byggje på forsking. Det vil seie at utdanningsprogrammet vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).

Arbeids- og læringsformer

I grunnskolelærarutdanning for 5–10 er norskfaget 60 studiepoeng. Om ein tar kurset 651 i Porsgrunn, er desse studiepoenga fordelte med 45 studiepoeng i fyrste studieår og 15 studiepoeng i andre studieår. I kurset 657 over nett eller på Notodden er studiepoenga fordelte med 30 studiepoeng i kvart av dei to fyrste studieåra. Norskfaget er delt inn i 4 modular med 15 studiepoeng i kvar av modulane. Innhaldet i dei 4 modulane byggjer på kvarandre.

Modul 4 ”Litterær eller språkleg fordjuping” er på 15 studiepoeng. Denne modulen er i kurset 651 lagt til det andre studieåret, gjennom begge semestera. I 657 går denne modulen i vårsemesteret i andre studieår.

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Fronter og individuell rettleiing, m.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (m.a. mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon i forhold til dei fastsette måla for faget.

Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.

Nokre av forelesingane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.

I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis og du skal delta i arbeid på tvers av fag.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet: undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga du vil få, i form av tilbakemeldingar på munnleg og skriftleg arbeid. Sluttvurdering vil du få etter kvar modul.

Sluttvurderinga etter modul 4 er delt i ein heimeeksamen og ein munnleg eksamen. Heimeeksamenen går over fem dagar, og har anten språkleg eller litterært emne, avhengig av kva fordjupingsretning studenten har valt. Båe eksamenane vert vurdert med gradert karakter, som kvar tel 50 % av den samla karakteren i modulen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no> - 16.05.2012