Feltarbeid med rapport P3307
Læringsutbytte
6. Læringsutbytte
Studenten skal;
- setje seg inn i og kunne anvende relevant metode i eit feltarbeid
- kunne utforme problemstillingar og framgangsmåte for eit feltarbeid i form av ein prosjektbeskriving
- setje seg inn i og kunne anvende relevant metode i eit feltarbeid
- forstå tilhøvet mellom teori og praksis
- på bakgrunn av data opparbeidd i feltarbeidet kunne framstille erfaringar og analyser i form av ein rapport
Innhold
Kurset er sett saman av følgjande komponentar:
Innføring i metode
Frå idé til gjennomføring; prosjektbeskriving
Førebuing og tilrettelegging for feltarbeid
Feltarbeid 8 veker i vårsemesteret
Frå data til tekst; rapportskriving
Det er ikkje høve til feltarbeid der studenten sjølv har ei kunstnarleg rolle.
Arbeids- og læringsformer
Forelesingar, munnlege presentasjonar, skrivegrupper, individuelt (og eventuelt gruppebasert) arbeid med prosjektbeskriving, feltarbeid i 8 veker og individuell analytisk rapport. To obligatoriske samlingar/seminar i vårsemesteret. Studenten må rekne med utgifter i samband med feltarbeidet.
Vurderingsformer
Prosjektbeskriving (2-3 sider) som blir vurdert med bestått/ikkje bestått.
Analytisk rapport (om lag 25 sider). Gradert karakter på grunnlag av den skriftlege rapporten. Munnleg framlegging/høyring (open) som kan justere karakteren. Alle arbeidskrav må vere bestått for å få gå opp til eksamen. Alle eksamensdelar skal vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Bokstavkarakterar, A (best) – F (ikkje stått).
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Anne S. Haugan <Anne.S.hauganSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 10.02.2012