Kulturanalyse I 3309

Læringsutbytte

Kunnskap om kultur som aspekt ved all menneskeleg verksemd. Kjennskap til viktige kulturteoretiske klassikarar. Kunnskap om roller, status og samhandling. Kunnskap om kulturell kompleksitet og identitetsproblematikk i en mangfaldig globalisert samtid.

Ferdigheiter i å omsette kulturelle innsikter til relevante kommunikative strategier.

Kompetanse i å sjå korleis kultur grip inn i ulike sammanhengar, korleis den verkar inn på ulike prosessar i samfunnet. Dugleik i å analysere det kulturelle aspektet ved sosial samhandling, både i arbeidsliv, samfunnsliv og kulturliv.

Innhold

Gjennom ulike døme frå dagleglivet og kulturfeltet blir kultur forstått som aspekt ved all menneskeleg verksemd. Emnet legg vekt på kultur som erfaring, praksis, som daglegliv og som livsverd. Innom emnet blir difor kultur å forstå som noko som ikkje alltid lar seg språkleg og verbalt formulere. Sentrale tema er:

  • Kulturteoretiske klassikarar
  • Kulturteori
  • Samhandlingsanalyse, status og roller
  • Kulturell kompleksitet og identitet

Arbeids- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid/responsgrupper, skriftlege og munnlege øvingar knytt til førelesingar. I emnet er det lagt inn ei øving i samhandlingsanalyse som skal resultere i ei skriftleg heimeoppgåve med innlevering i midten av semesteret.

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav):

Det er knytt eit obligatorisk seminar til emnet. Seminaret er knytt til ei skrifteleg heimeoppgåve og vil fungere som ein temapresentasjon. Her skal studenten levere ei tekst/ skisse der ho/ han presenterar val av tema og tematikk for den skriftlege oppgåva. Dette skal faglærar godkjenne. På seminaret er det også obligatorisk å vere opponent på medstudentane sine tekster. Arbeid i responsgrupper vil bli gått gjennom på førehand som del av undervisninga. Frist for innlevering av tekst til seminaret vert kunngjord i undervisningsplan og på Fronter.

Vurderingsformer

Obligatorisk heimeoppgåve/semesteroppgåve på 2000 ord +/- 10%, på bakgrunn av seminaret og med utgangspunkt i samhandlingsrefleksjon. Heimeoppgåva/semesteroppgåva tel 40 % av samla karakter. Individuell femtimars skoleeksamen vert arrangert i slutten av semesteret. Denne tel 60 % av samla karakter. Graderte karakterar. Både innlevering av tekst til seminaret, deltaking på seminar, heimeoppgåve/semesteroppgåve og slutteksamen må vere stått for å få stått i faget.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Geir Grothen - 15.02.2012